Klina (serbisk Клина; albansk Klina) er ei elv i Kosovo, ei 62 km lang sideelv til Kvite Drin frå venstre. Ho renn berre innanfor sjølve Kosovo.

Kjappe fakta Land, Nedslagsfelt ...
Klina (Клина)
elv
Thumb
Land  Kosovo
Nedslagsfelt 393 km²
Lengd 62 km
Kjelde Fjellet Suva Planina sør for Gazivode i Kosovo
Munning Kvite Drin, nær Klina
Thumb
Klinaelva
42.6114°N 20.5683°E / 42.6114; 20.5683
Wikimedia Commons: Klina (river)
Lukk

Klina spring ut på søraustsida av Suva Planina, sør for den kunstige innsjøen Gazivode i elva Ibar. Mellom landsbyane Tušilje og Ovčarevo tar Klina imot den største sideelva si, Move. Langs den nedre delen av elva går ein del av den transbalkanske jernbanen mellom Prishtina og Peć. Elva renn inn i byen Klina og like etter munnar ho ut i Kvite Drin.

Elva har eit stort potensiale for produksjon av vasskraft, men dette er ikkje utbygd. Klina høyrer til nedslagsfeltet til Adriahavet og har sjølv eit nedslagsfelt på 393 km².

Kjelder


Wikiwand in your browser!

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Every time you click a link to Wikipedia, Wiktionary or Wikiquote in your browser's search results, it will show the modern Wikiwand interface.

Wikiwand extension is a five stars, simple, with minimum permission required to keep your browsing private, safe and transparent.