Kløv
From Wikipedia, the free encyclopedia
Kløv eller kløvsal er ein type sal til å halde fast todelt bør over ryggen på lastedyr. Kløva består typisk av to trestykke som er bundne fast med flate puter under, ofte med oppståande trestykke tvers over i begge endane, som er festa til dyret med reimar eller breie band rundt buk, bringe og lender.
- For tendensen til mineral å brekke opp langs plane flater, sjå kløyv.
I Noreg er tradisjonelt hest og rein dei mest brukte kløvdyra, men hund og geit har òg vorte brukt. Elles i verda er kamelar, dromedarar, jakar, lamaer, esel og muldyr brukt som kløvdyr.
- Tradisjonell kløv- og ridesal frå det amerikanske salishfolket (Flathead).
- Japansk kløvsal.
- Japansk kløvsal for ein føydalherre.
- Hestar med kløv.
- Muldyr med kløv, utan last.
- Japansk scene med kløvhest.
- Geit med kløv.
- Esel med kløv som ber vatn.
- Jak med kløv og last.