Hund
From Wikipedia, the free encyclopedia
Hund eller tamhund (Canis familiaris eller Canis lupus familiaris) er eit mellomstort domestisert rovpattedyr i hundefamilien, som har følgt mennesket og bidrege til menneskeleg suksess gjennom fleire tusen år. Både hund og katt er rekna som viktige kjæledyr, sjølv om begge er rovdyr.
Hund | |
Hund | |
Utbreiing | |
Utbreiinga av hund | |
Systematikk | |
Rike: | Dyr Animalia |
Rekkje: | Ryggstrengdyr Chordata |
Underrekkje: | Virveldyr Vertebrata |
Klasse: | Pattedyr Mammalia |
Orden: | Rovpattedyr Carnivora |
Familie: | Hundefamilien Canidae |
Slekt: | Canis |
Art: | Ulv C. lupus |
Underart: | Hund C. l. familiaris |
Vitskapleg namn | |
Canis lupus familiaris |
Hundar er tamme etterkomarar av ulv som har levd saman med menneska i over 15 000 år.[1] Han var den fyrste arten til å bli domestisert,[2][3] og har utvikla seg til mange ulike storleikar, fargar og former tilpassa eit utal arbeidsoppgåver. Hundar er sosiale dyr som kan trenast på ulike vis, mellom anna til å jakta (jakthund), vakta på eigedom eller snusa seg fram til narkotika (brukshund/tenestehund), men dei gjer òg ein fin innsats utan så mykje trening som turkamerat og skjødehund eller familiehund.