Kjuker er soppar som lagar sidestilte, harde fruktlekamar på ved, gjerne stammer og greiner. Kjuker vert normalt ikkje rekna som matsoppar.
Sporane sit i eit porelag. Kjukene kan vera fleirårige, som knuskkjuke og raudrandkjuke, eller eittårige, som t.d. silkekjuke og svovelkjuke. Fruktlekamane er vanlegvis treharde, seige eller korkaktige.
Dei fleste kjuker bryt ned ved og er årsak til kvitrote eller brunrote. Ved kvitrote vert både cellulose og lignin brote ned; ved brunråte, vert berre cellulosen nedbroten, og det brune ligninet vert liggjande att. Kjukene gjer vidare nytte for seg ved å bryte ned daud ved. Nokre kjuker går til åtak på levande tre, som t.d. rotkjuke på gran og svovelkjuke på lauvtre (t.d. eik), andre kjuker går til åtak på tre som er svekka, t.d. knivkjuke på bjørk. Dei fleste kjukene går på daude eller døyande tre, velta stammer, fallved, vedrestar eller på trekonstruksjonar.
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Every time you click a link to Wikipedia, Wiktionary or Wikiquote in your browser's search results, it will show the modern Wikiwand interface.
Wikiwand extension is a five stars, simple, with minimum permission required to keep your browsing private, safe and transparent.