![cover image](https://wikiwandv2-19431.kxcdn.com/_next/image?url=https://upload.wikimedia.org/wikipedia/commons/thumb/0/0f/Kjell_Ove_%25281%2529_cut-b.jpg/640px-Kjell_Ove_%25281%2529_cut-b.jpg&w=640&q=50)
Kjell Ove Hauge
From Wikipedia, the free encyclopedia
Kjell Ove Hauge (fødd 20. februar 1969 på Sandane) er ein norsk tidlegare kulestøytar og diskoskastar. Sidan 2013 er han rektor ved Kuben videregående skole i Oslo.
Kjell Ove Hauge | |
![]() | |
Statsborgarskap | Noreg |
Fødd | 20. februar 1969 (55 år) Sandane |
Yrke | friidrettsutøvar, skuleleiar, lærar, prosjektleder, trenar |
Språk | norsk, engelsk |
Høgd | 194 centimeter |
Nettstad | https://kjellove.wordpress.com/ |
Kjell Ove Hauge på Commons |
Hauge er norsk meister i kulestøyt fire gongar, og har NM-medaljar også frå diskos. Under VM i friidrett 1997 i Athen deltok han i både kulestøyt og diskos. Med det vart han den fyrste nordmann som har delteke i to tekniske øvingar i et friidretts-VM. Hausten 1998 tilstod han bruk av anabole steroidar i samband med ein skade, og trakk seg tilbake som idrettsutøvar. Han representerte klubbane Fjellhug/Vereide IL, Breimsbygda FIL, IL Fri og Gloppen Friidrettslag.
Kuben vgs har under Hauge si leiing etablert seg som ein av dei mest søkte skular i Oslo, og har motteke ei rekke utmerkingar,[1] der Benjaminprisen 2018 rager høgst.