Kissingen-diktatet
From Wikipedia, the free encyclopedia
Kissingen-diktatet var eit diplomatisk aktstykke om Balkankrisa, skrive av Otto von Bismarck den 15. juni 1877 i Bad Kissingen. Stykket skildrar viktige prinsipp for Bismarck sin utanrikspolitikk.[1][2]
Bismarck var uroa av fara for ein anti-tysk koalisjon, og skisserte ei ideell målsetjing om å kjempe for «… ikkje ytterlegare landerobringar, men ein politisk totalsituasjon der alle makter utanom Frankrike treng oss, og der dei gjennom sine relasjonar til kvarandre, i den grad det er mogleg, kan avstå frå å inngå koalisjonar mot oss.»[3]
Diktatet inneheldt konseptet for Bismarck sitt diplomatiske program, som seinare blei ein del av røyndomen i tysk alliansepolitikk. Målet var å trygge den prøyssisk-tyske staten si utanrikspolitiske stilling, ut frå ei realistisk innsikt i dei internasjonale styrkeforhalda.
Konkret gjekk Bismarck inn for eit russisk herredøme rundt Svartehavet. Storbritannia skulle halda på Egypt og Det tyske keisarriket var bare opptatt av å halda på status quo.[4]