kyrkje i Flora kommune From Wikipedia, the free encyclopedia
Kinn kyrkje ligg på øya Kinn i Kinn kommune i Vestland og vart bygd i tida 1150-1200. Kyrkja vart modernisert i 1868 og prøvd attendeført i 1911-1912. Kyrkja er hovudsakleg bygd i stein, i to byggjesteg. Ho er freda.
Kinn kyrkje | |||
kyrkje | |||
Land | Noreg | ||
---|---|---|---|
Fylke | Vestland | ||
Kommune | Kinn | ||
Kyrkjesamfunn | Den norske kyrkja | ||
Bispedøme | Bjørgvin | ||
Prosti | Sunnfjord | ||
Sokn | Kinn | ||
Fellesråd | Kinn | ||
Type | Langkyrkje | ||
Material | Stein | ||
Kinn kyrkje i Sunnfjord 61.56636111°N 4.75725°E | |||
Wikimedia Commons: Kinn kirke | |||
Kyrkja ligg vêrhardt til ut mot storhavet på nordvestsida av øya, og har vore sett i samband med Sankta Sunniva-legenda. I fylgje segna var ei prinsesse Borni del av fylgjet til Sunniva som flydde Irland for å kome unna giftarmål med ein heidensk viking, og Borni og hennar del av fylgjet dreiv i land på Kinn.
Kinn kyrkje ligg i Kinn sokn i Sunnfjord prosti. Fram til avviklinga av prestegjelda frå 2004 låg ho i Kinn prestegjeld.
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Every time you click a link to Wikipedia, Wiktionary or Wikiquote in your browser's search results, it will show the modern Wikiwand interface.
Wikiwand extension is a five stars, simple, with minimum permission required to keep your browsing private, safe and transparent.