Kifisiá
From Wikipedia, the free encyclopedia
From Wikipedia, the free encyclopedia
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Every time you click a link to Wikipedia, Wiktionary or Wikiquote in your browser's search results, it will show the modern Wikiwand interface.
Wikiwand extension is a five stars, simple, with minimum permission required to keep your browsing private, safe and transparent.
Kifisiá (gresk Κηφισιά, katharevousa Κηφισσιά, i antikken/latin Cephissia), òg kalla Kifissia, er ein kommune i dei nordlege forstadane til Aten i Hellas. Kommunen inngår i byområdet til Aten, og høyrer administrativt til periferieininga Nord-Aten i periferien Attikí.[2]
Kifisiá Lokalt namn Κηφισιά | |
---|---|
Geografi | |
Stad | Aten |
Koordinatar | 38°05′N 23°49′E |
Areal | 25,94 km²
|
Administrasjon | |
Land | Hellas |
Periferi Periferieining | Attikí Nord-Aten |
Hovudsete | Kifisiá (48 700 innb.) |
Demografi | |
Folketal | 72 878 (2021[1]) |
Folketettleik | 2809 /km² |
Elva Kifisós renn vest for Kifisiá og halvparten av kommunen er dekt av fjellet Pendéli.
Kommunen vart danna i 2011 ved at ein slo saman dei tidlegare kommunane
Dei tre tidlegare kommunane er no kommunaleiningar.[2]
Ved folketeljinga i 2021 hadde kommunen Kifisiá 72 878 innbyggjarar, medan kommunaleininga med same namn hadde 48 700 innbyggjarar.[1]
Kifisiá går tilbake til antikken og var heim til forfattaren Menander (om lag 342-291 fvt.).[3] Kifisiá vart ein kjend tilhaldsstad for filosofar under den romerske keisaren Hadrian, då den rike Herodes Atticus av Marathon (i dag Marathónas) bygde Villa Kifissia. I mellomalderen kjenner ein mindre til Kifisiá, men ein har funne restane av ei klosterkyrkje her.
Under den osmanske perioden var halvparten av innbyggjarane muslimske, medan den andre halvdelen var kristne. Sidan området har noko lågare temperatur enn resten av Aten vart det populært for rike, atenske familiar å byggje sommarhus her, sjølv inn på 1900-talet. I tillegg vart det bygd mange hotell for dei som ikkje hadde råd til eigne hus.