Khaidári
From Wikipedia, the free encyclopedia
Khaidári (gresk Χαϊδάρι, i antikken/katharevousa Χαϊδάριον, Khaidarion eller Haidarion) er ein kommune i dei nordvestlege forstadane til Aten i Hellas. Kommunen inngår i byområdet til Aten, og høyrer frå 2011 administrativt til periferieininga Vest-Aten i periferien Attikí.[2]
Meir informasjon Khaidári Lokalt namn Χαϊδάρι, Geografi ...
Khaidári Lokalt namn Χαϊδάρι | |
---|---|
Palatáki-tårnet i Khaidári | |
Geografi | |
Stad | Aten |
Koordinatar | 38°01′N 23°39′E |
Areal | 22,66 km²
|
Administrasjon | |
Land | Hellas |
Periferi Periferieining | Attikí Vest-Aten |
Hovudsete | Khaidári (45 987 innb.) |
Demografi | |
Folketal | 47 051 (2021[1]) |
Folketettleik | 2076 /km² |
Lukk
Ved folketeljinga i 2021 hadde kommunen Khaidári 47 051 innbyggjarar. Bydelen med same namn hadde 45 987 innbyggjarar, medan 1 064 budde i bydelen Skaramagás.[1]
Fjellet Egáleo ligg i nord. Dei austlege områda av Khaidári bestod tidlegare av jordbruksområde, men mellom 1950- og 1980-åra vart det kraftig urbanisert og i dag er det stort sett berre bustadområde igjen i den austlege halvdelen.