![cover image](https://wikiwandv2-19431.kxcdn.com/_next/image?url=https://upload.wikimedia.org/wikipedia/commons/thumb/9/90/Kersti_Kaljulaid_-_2018.jpg/640px-Kersti_Kaljulaid_-_2018.jpg&w=640&q=50)
Kersti Kaljulaid
From Wikipedia, the free encyclopedia
Kersti Kaljulaid (fødd 30. desember 1969 i Tartu) er ein estisk økonom og liberalkonservativ politikar som frå 10. oktober 2016 til 11. oktober 2021 var den femte presidenten i Estland.[1] Ho er det fyrste kvinnelege statsoverhovudet i Estland sidan landet vart uavhengig i 1918. Ho vart også den yngste som har vore president i landet, i ein alder av 46.[2]
Kjappe fakta Fødd, Statsborgar av ...
Kersti Kaljulaid | |||
![]() | |||
Fødd | 30. desember 1969 (54 år) Tartu | ||
---|---|---|---|
Statsborgar av | Estland | ||
Parti | ingen (2004) | ||
Yrke | embetsmann, konsulent, direktør, politikar, forretningsdrivande | ||
Institusjonar | Hansapank Universitetet i Tartu | ||
Utdanna ved | Universitetet i Tartu Tallinn Mustamäe Gymnasium | ||
Ektefelle | Georgi-Rene Maksimovski | ||
Medlem | Revisjonsretten | ||
Alle verv |
Lukk
Kaljulaid har hatt ei rekkje leiande stillingar i næringslivet, og var økonomisk rådgjever for Estlands statsminister Mart Laar frå 1999 og 2002. Då Estland vart medlem av EU i 2004, vart Kaljulaid peika ut som den estiske representanten i Revisjonsretten. Ho sat der fram til ho vart Estlands president i 2016.