From Wikipedia, the free encyclopedia
Kensingtonsteinen (The Kensington Runestone) er ei USA-amerikansk steinhelle med ei runeinnskrift. Ifylgje runeinnskrifta skal steinen ha vore reist i året 1362 av nordmenn og svenskar i samband med eit åtak dei hadde vorte utsette for. Dette var altså ei hending som skal ha gått føre seg meir enn hundre år før Kristoffer Columbus og mannskapet hans fann fram til Amerika i 1492 som dei fyrste europearane, og lengje etter at folk frå dei norrøne busetnadene på Grønland hadde funne fram til «Vinland», slik arkeologiske utgravingar av ei norrøn busetnad på L'Anse aux Meadows på nordspissen av Newfoundland synar.
Det er semje i autorative vitskaplege krinsar om at innskrifta på Kensingtonsteinen er av langt nyare dato enn ho gjev seg ut for å vere, truleg frå 1880-åra, og slik sett eit falsum. Ein del kritikarar har direkte hevda at oppdagaren av steinen stod bak innskrifta.[1] Likevel er det somme miljø i USA som meiner at innskrifta er ekte og skildrar ei sann hending.[2]
Kensingtonsteinen er frå Solem i Douglas County i delstaten Minnesota. Dette er eit lite bondesamfunn som vart skipa i 1870, og som er sagt å ha eit norsk namn. Men steinen har fått namn etter den næraste større busettinga, Kensington. Ein svensk innvandra bonde med namnet Olof Ohman (eigenleg Öhman) skal ha funne steinen i 1898 saman med sonen sin, Edward, under rota på eit tre då dei braut nytt land til oppdyrking. Steinhella låg då infiltra i trerøtene. Ho er litt over 90 kilo tung, av gråvakke, ein variant av sandstein, 76 cm høg, 41 cm brei og 15 cm tjukk, med runer på den eine breisida og den eine av smalsidene.
Teksta på steinen lyder:
(wi er) 8 : göter : ok : 22 : norrmen : po :
...o : opþagelsefärd : fro :
vinland : of : vest : vi :
hade : läger : ved : 2 : skLär : en :
dags : rise : norr : fro : þeno : sten :
vi : var : ok : fiske : en : dagh : äptir :
vi : kom : hem : fan : 10 : man : röde :
af : blod : og : ded : AVM :
frälse : äf : illü.
här : (10) : mans : ve : havet : at : se :
äptir : vore : skip : 14 : dagh : rise :
from : þeno : öh : ahr : 1362 :
Åtte gøter [seinare tolka som «goter»] og to og tyve nordmenn på
oppdagelsesferd fra
Vinland mot vest. Vi
hadde leir ved en sjø med to skjær i, en
dagsreise nord for denne steinen.
Vi var ute og fisket en dag. Da
vi kom hjem fant vi ti mann røde
av blod og døde. AV(e) M(aria),
frels oss fra det onde.
Har ti mann ved havet til å se
etter skipene våre, fjorten dagsreiser
fra denne øya, året 1362.
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Every time you click a link to Wikipedia, Wiktionary or Wikiquote in your browser's search results, it will show the modern Wikiwand interface.
Wikiwand extension is a five stars, simple, with minimum permission required to keep your browsing private, safe and transparent.