From Wikipedia, the free encyclopedia
Katarr er ein overflatisk betennelse i slimhinnene som dekkar luftvegane eller andre holer i kroppen, til dømes nase og svelg.[1] Det kan valda tjukke eksudat av slim og kvite blodlekamar som skuldast hevelse i slimhinnene i hovudet i respons til infeksjon.[1] Symptomet er vanlegvis tilknytt forkjøling og brysthoste, men kan òg sjåast i pasientar med infeksjon i svelgmandelen (adenoiditt), mellomøyret (mellomøyrebetennelse), biholene (kronisk sinusitt) eller mandlane (tonsillitt). Slimet som oppstår ved katarr, kalla flegma, kan flaume ut, eller det kan setje seg fast, okkludere og bli kronisk.
Nokre vanlege former av katarr er blærekatarr, magekatarr og augekatarr.
Katarr som okkluderar delar av luftvegane kan føre til smerte ved:
Endåtil den grunne enden i eit bad kan vere utriveleg på grunn av barotraume, eit problem som er tilknytt trykkendringar i hovudet som følgje av katarral blokkering. Dette kan skje ved så lite som 1,2 meter djupne.
Ordet «katarr» kjem frå gresk «katarrhein», der kata tydar «ned» og rhein tydar «renne» eller «flyte».[1][2]
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Every time you click a link to Wikipedia, Wiktionary or Wikiquote in your browser's search results, it will show the modern Wikiwand interface.
Wikiwand extension is a five stars, simple, with minimum permission required to keep your browsing private, safe and transparent.