Kantjendjunga
From Wikipedia, the free encyclopedia
Kantjendjunga (tibetansk gangs chen mdzod lnga, engelsk Kangchenjunga)[1] er med ei høgd på 8 586 moh. det tredje høgaste fjellet i verda, det høgaste fjellet i India og det nest høgaste i Nepal.
Kantjendjunga | ||
---|---|---|
Kantjendjunga sett frå Gangtok i Sikkim Foto: Siegmund Stiehler | ||
Høgd over havet | 8 586 m | |
Område | Nepal og India (Sikkim) | |
Fjellområde | Himalaya | |
Dominans | 123,96 km → Mount Everest | |
Skardhøgd | 3 922 mfd2 | |
Koordinatar | 27° 42′ 11″ N, 88° 8′ 51″ A | |
| ||
Førsteklatring | George Band og Joe Brown, 25. mai 1955 | |
Normalrute | Høgfjellstur, bretur, klatring på is |
pd3pd5
Fjellet ligg på grensa mellom den tidlegare sjølvstendige staten Sikkim (no delstat i India) og det austlege Nepal og er det austlegaste av fjella over 8000 moh.
I Nepal høyrer fjellet til Taplejung distrikt i Mechi sone i den nepalske austregionen, og ligg i Kantjendjunga naturvernområde. I India er det del av Kantjendjunga nasjonalpark i Sikkim.
Fram til 1852 trudde ein at Kantjendjunga var det høgaste fjellet i verda, men utrekningar gjort av britiske forskarar i 1849 viste at det ikkje var tilfellet. George Band og Joe Brown, som var med i ein britisk ekspedisjon, var dei første som klatra til toppen, den 25. mai 1955.