Kanjobal
From Wikipedia, the free encyclopedia
Kanjobal, eller q'anjob'al, er eit mayaspråk som hovudsakleg blir tala i Guatemala og i delar av Mexico. Ifølgje estimat frå 1998 gjort av Ethnologue, hadde språket omtrent 77 700 morsmålstalarar, hovudsakleg i det guatemalanske departementet Huehuetenango. Dei nærast beslekta språka er chuj, akatansk og jakaltekisk, som saman med kanjobal utgjer den kanjobalanske greina av mayaspråkfamilien. Dei kanjobalanske språka er rekna for å vera blant dei mest konservative mayiske språka, men dei har òg nokre interessante nyvinningar.