Jakaltekisk
From Wikipedia, the free encyclopedia
Jakaltekisk, eller poptí (jab' xub'al, jakalteko), er eit mayaspråk som blir snakka av i underkant av 90 000 menneske i det guatemalanske departementet Huehuetenango og dei tilgrensande områda av Chiapas i Mexico/ Talarane stammar opphavleg frå området rundt den guatemalanske byen Jacaltenango.
Jakaltekisk har den grunnleggjande konstituentrekkjefølgja verb–subjekt–objekt, eit kompleks agglutinerande morfologi og eit ergativt kasussystem.
Språket vert delt inn i to hovuddialektar: Austleg og vestleg.