From Wikipedia, the free encyclopedia
Kanadisk stavingsskrift (engelsk Canadian Aboriginal syllabics) er ein familie abugidaer (konsonantbaserte alfabet) som blir brukt til å skriva fleire språk snakka av urfolk i Canada, i språkfamiliane algonkinske språk, eskimoisk-aleutiske språk og athabaskiske språk. Dei blir verdsette fordi dei skil seg ut frå det latinske alfabetet som blir brukt av majoritetsspråka, og fordi det er lett å oppnå lesekunne med dei;[1] faktisk hadde creefolk ein av dei høgaste lesekunneratene i verda seint på 1800-talet.[2]
Type | Abugida | ||
---|---|---|---|
Periode | Frå 1840-talet | ||
Språk | Ei rekkje urfolksspråk i Canada | ||
Unicode | U+1400–U+167F Unified Canadian Aboriginal Syllabics U+18B0–U+18FF Unified Canadian Aboriginal Syllabics Extended |
Ein bruker former av stavingsskrifta til å skriva alle creespråka frå naskapi (tala i Québec) til Rocky Mountains, inkludert austcree, skogcree, myrcree og præriecree. Dei blir òg brukte til å skriva inuktitut aust i arktisk Canada; for dette språket er det latinske alfabetet òg offisielt i Nunavut. Dei blir brukte regionalt for dei andre store kanadiske algonkinske språka: ojibwa i vestlege Canada, og har tidlegare blitt brukt for blackfoot. Blant dei athabaskiske språka lenger vest har kanadiske stavingsskrifter blitt brukte til å skriva dakelh, chipewyan, slavey, tlicho og danezaa. Dei har av og til òg blitt brukte i USA av folk som finst i grenseområda, men er primært eit kanadisk fenomen.
Kanadiske stavingsskrifter er ikkje ekte stavingsskrifter der kvar konsonant–vokal-sekvens har ein separat glyf (til dømes ville pi ikkje hatt nokon visuell samanheng med pa), men abugidaer, der konsonantar blir modifiserte for å indikera ein tilhøyrande vokal – i dette tilfellet ved at symbolet blir rotert, noko som er unikt for kanadisk stavingsskrift.[3] I cree har til dømes konsonanten p form som ein vinkelparentes. Når han peikar oppover, ᐱ, transkriberer han stavinga pi. Motsett, når han peikar nedover, transkriberer han stavinga pe. Mot venstre, ᐸ, betyr han pa, medan mot høgre, ᐳ, betyr han po. Konsonantformene og vokalane som blir representerte varierer frå språk til språk, men dei er hovudsakleg tilnærma like dei opphavlege cree-formene.[1]
K | -e | -ē | -i | -ī | -o | -ō | -a | -ā | koda | rotasjon |
---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|
(ingen) | ᐁ | ᐁ | ᐃ | ᐃ | ᐅ | ᐅ | ᐊ | ᐊ | symmetrisk | |
p- | ᐯ | ᐯ | ᐱ | ᐱ | ᐳ | ᐳ | ᐸ | ᐸ | ᑊ | symmetrisk |
t- | ᑌ | ᑌ | ᑎ | ᑎ | ᑐ | ᑐ | ᑕ | ᑕ | ᐟ | symmetrisk |
k- | ᑫ | ᑫ | ᑭ | ᑭ | ᑯ | ᑯ | ᑲ | ᑲ | ᐠ | asymmetrisk |
c- | ᒉ | ᒉ | ᒋ | ᒋ | ᒍ | ᒍ | ᒐ | ᒐ | ᐨ | asymmetrisk |
m- | ᒣ | ᒣ | ᒥ | ᒥ | ᒧ | ᒧ | ᒪ | ᒪ | ᒼ | asymmetrisk |
n- | ᓀ | ᓀ | ᓂ | ᓂ | ᓄ | ᓄ | ᓇ | ᓇ | ᐣ | asymmetrisk |
s- | ᓭ | ᓭ | ᓯ | ᓯ | ᓱ | ᓱ | ᓴ | ᓴ | ᐢ | asymmetrisk |
y- | ᔦ | ᔦ | ᔨ | ᔨ | ᔪ | ᔪ | ᔭ | ᔭ | ᐧ | asymmetrisk |
sp- | Z | Z | Z | Z | N | N | И | И | symmetrisk[lower-alpha 1] | |
-w- | (ein prikk etter stavinga) | ᐤ | ||||||||
-h | ᐦ | |||||||||
-hk | ᕽ | |||||||||
-l | ᓫ | |||||||||
-r | ᕑ |
Det opphavlege skriftsystemet, som blei utforma for myrcree, hadde ti bokstavformer: Åtte for stavingar basert på konsonantane p-, t-, c-, k-, m-, n-, s-, y- (uttalt /p, t, ts, k, m, n, s, j//p, t, ts, k, m, n, s, j/), ei form for stavingar som byrja med vokalar, og til slutt ei blandingsform (no forelda) for konsonantklynga sp-. Alle blei skrivne med ei tynn linje for å visa at vokalen var kort, og ei tjukkare linje for å visa at vokalen var lang: ᑲ ka, ᑲ kâ (ein handskriven variant med ein prikk over teikna for å visa vokallengd blir no òg brukt i trykk). Éin konsonant, w, hadde ingen eigen bokstav, men blei indikert ved å legga til eit diakritisk teikn på ein annan konsonant; dette fordi han kunne kombinerast med alle konsonantar, som i ᑿ kwa, og dessutan eksistera på eiga hand, som i ᐘ wa.[1]
Det var eigne bokstavar for dei ni konsonantane -p, -t, -c, -k, -m, -n, -s, -y og w når dei dukkar opp i koda (slutten av ei staving). I tillegg hadde fire kodakonsonantar inga eiga stavingsform: -h, -l, -r og sekvensen -hk. Desse blei opphavleg skrivne midt på linja, men blir no skriven med heva tekst (glyfen for -hk representerer den vanlegaste stavelsesendinga i cree, og blei brukt for den like vanlege -nk i ojibwa.) Konsonantane -l og -r var marginale og fanst berre i lånord, babyspråk osb. Desse, og -h, kunne dukka opp framfor vokalar, men blei skrive med den endelege forma likevel (-l og -r blir no skriven med full storleik om dei kjem framfor ein vokal, og har i nokre versjonar blitt erstatta av fulle roterande stavingssymbol; -h kjem berre framfor vokalar i samansette morfem og i enkelte grammatiske ord.)[1]
Vokalane høyrer til to sett, dei bakre vokalane -a og -o, og dei fremre vokalane -e og -i. Kvart sett består av ein lågare vokal, -a eller -e, og ein høgare vokal, -o eller -i. I alle tilfelle blir relaterte stavingar med bakre vokalar danna via vertikal spegling, dvs. at dei er spegelbilde av kvarandre. Korleis dei blir relaterte til dei fremre vokalane er avhengig av den grafiske forma til konsonantane. Desse følgjer to mønster. Dei symmetriske (vokal, p-, t- og sp-) blir roterte 90° (ein kvart runde) mot klokka, medan dei som er asymmetriske topp-til-bunn (c-, k-, m-, n-, s- og y-) blir roterte 180° (ein halv runde).[lower-alpha 2] Stavingane med lågare fremre vokal (-e) blir slik avleidde frå stavingane med lågare bakre vokal (-a), og dei høgre fremre vokalane (-i) blir avleidde frå dei stavingane med dei høgare bakare vokalane (-o).[1][lower-alpha 3]
Dei symmetriske bokstavformene kan illustrerast ved å arrangera dei i ei diamantform:
ᐃ | i | ᐱ | pi | ᑎ | ti | |||||||||||||||||
ᐊ | ᐅ | a | o | ᐸ | ᐳ | pa | po | ᑕ | ᑐ | ta | to | |||||||||||
ᐁ | e | ᐯ | pe | ᑌ | te |
Dei asymmetriske formene kan illustrerast ved å arrangera dei i ein firkant:
ᑭ | ᑫ | ki | ke | ᒋ | ᒉ | ci | ce | ᒥ | ᒣ | mi | me | ᓂ | ᓀ | ni | ne | ᓯ | ᓭ | si | se | ᔨ | ᔦ | yi | ye | ||||||||||||
ᑲ | ᑯ | ka | ko | ᒐ | ᒍ | ca | co | ᒪ | ᒧ | ma | mo | ᓇ | ᓄ | na | no | ᓴ | ᓱ | sa | so | ᔭ | ᔪ | ya | yo |
Desse formene er til stades i dei fleste variantane med lydverdier som liknar opphavet i myrcree. Til dømes bruker alle variantane utanom den for blackfoot trekanten for vokal-initielle stavingar.
Innan 1841, då hadde Evans fått støypt dei fyrste lause bokstavane for stavingsskrifta, fann han ut at det vat vanskeleg å halda på skiljet mellom tynne og tjukke linjer for korte og lange vokalar. I staden filte han mellomrom i bokstavane for dei lange vokalane. Dette kan ein sjå i tidlege trykksaker. Ei stund seinare tok ein i bruk ein diakritisk prikk som opphavleg var brukt til å markera vokallengde i handskrift, i trykk òg. Dermed står ᐊ a i dag i kontrast til ᐋ â, og ᒥ mi til ᒦ mî. Sjølv om ê i cree berre opptrer som lang vokal har skriftsystemet lengdedistinksjon for alle fire vokalar. Ikkje alle skribentar då eller no indikerer lengde, eller gjer det på ein konsekvent måte; sidan det ikkje er nokon kontrast er det ingen som skriv ê som lang vokal.[1]
Den einaste teiknsettinga som finst i mange tekstar er mellomrom mellom ord og ᙮ for fullt stopp. Ein kan også bruka teiknsetting frå det latinske alfabetet, som punktum.[1] Fordi stavingsendeleg c liknar på bindestrek blir det brukt ein dobbel bindestrek (᐀) i staden i kanadisk stavingsskrift.
Cree-stavingsskrifta blei skapt i 1840 av den engelske misjonæren James Evans for to språk, myrcree og ojibwa. Han var inspirert av suksessen til den cherokesiske stavingsskrifta skapt av Sequoyah etter å ha støytt på problem med latinskbasert ortografi, og trekte på kjennskapen sin til devanagari og stenografi.[1] Andre misjonærar var motvillige til å bruka skrifta, men ho blei raskt teken i bruk av dei innfødde og spreidde seg til nye område før misjonærane kom, slik at i creekulturen etter 1840 trudde ein der at ho hadde oppstått blant creeane.[4]
I 1827 fekk James Evans, ein misjonær frå Kingston upon Hull i England, ansvar for den metodistiske misjonsstasjonen ved Rice Lake i Ontario. Her byrja han å læra ojibwa som blei snakka i området, og var del av ein komité som skulle etablera eit latinsk alfabet for språket. Innan 1837 hadde han førebudd Speller and Interpreter in English and Indian, men fekk ikkje godkjent trykkinga av boka av British and Foreign Bible Society. På denne tida var mange misjonærsamfunn motstandarar av at innfødde skulle få lese- og skrivekunne på sine eigne språk, og meinte at situasjonen ville bli betre ved språkleg assimilasjon i kolonisamfunnet.
Evans heldt fram med å nytta ojibwaortografien sin i Ontario. Ortografien brukte bindestrekar mellom stavingar, noko som gav ojibwa ein delvis stavingsbasert struktur. Studentane hans verkar likevel å ha hatt konseptuelle vanskar med å bruka same alfabet for to forskjellige språk som hadde svært ulike lydsystem, og Evans sjølv synst dette var vanskeleg. Ojibwa var vidare eit polysyntetisk språk, men hadde få distinkte stavingar, noko som gjorde at dei fleste orda hadde eit stort tal stavingar. Dette gjorde at orda blei svært veldig lange når ein skreiv dei med det latinske alfabetet. Han byrja å eksperimentera med eit meir stavingsbasert skriftsystem som han tenkte ville vera meir passande for studentane hans å bruka.
I 1840 flytta Evans til Norway House i nordlege Manitoba. Her byrja han å læra det lokale språket myrcree. Til liks med ojibwa, som det er i ganske nær slekt med, hadde dette språket mange lange fleirstavingsord.
Som amatørlingvist var Evans kjend med devanagariskrifta som var i bruk i Britisk India. I devanagari står kvar bokstav for ei staving, og blir modifisert for å visa kva vokal stavinga har. Eit slikt system, no kalla abugida, lét seg gjerne tilpassa språk som myrcree, som hadde ein enkel stavingsstruktur med berre åtte konsonantar og fire lange eller korte vokalar. Evans var òg kjend med britisk stenografi, truleg Samuel Taylor sin Universal Stenography, frå dagane sine som kjøpmann i England, og blei no kjend med den nye Pitman-stenografien frå 1837.
Både devanagari og Pitman spelte ei rolle i utviklinga av cree-skrifta.[5] Devanagari inspirerte glyfane for stavingane, medan Pitman gav glyfar til dei endelege konsonantteikna, og dessutan rotasjonen og linjetjukkleiken for å modifisera stavingane.
I det opphavlege skriftsystemet til Evans var det ti stavingsformer: åtte for konsonantane p, t, c, k, m, n, s, y; ein niande for stavingar som byrja med vokal eller vokalar som følgjer ein av dei ekstra konsonantane; og ein tiande, som ikkje lenger blir brukt, for konsonantklynga sp. Det var fire ekstra konsonantar, r, l, w, h, som ikkje hadde stavingsformer. Utanom sp kan alle desse sporast til dei kursive kombinerte formene i tilsvarande devanagari-akshara; dei kombinerande devanagariformene er noko forkorta (streken til høgre i teikna blir droppa), og i handskrift kan ein ofte droppa den løpande horisontale linja, noko som er blitt standardisert i gujaratiskrift.
Fordi konsonantar i cree kan vera stemde eller ustemde avhengig av konteksten, stemmer kvar staving overeins med to bokstavar i devanagari, og cree ka/ga liknar på g heller enn k. Merk òg at h, som berre finst endeleg i kanadisk stavingsskrift, ser ut til å vera derivert frå devanagari visarga ◌ः ḥ, som i devanagari òg berre opptrer endeleg, i staden for frå den syllabiske ह ha.
Devanagari fulle
og halve former |
Cree | |||
---|---|---|---|---|
Stavingar | ||||
ए | e | ए | ᐁ | e |
प | pa | प् | ᐸ | pa/ba |
ट | ṭa | ट | ᑕ | ta/da |
ज | ja | ज् | ᒐ | cha/ja |
ग | ga | ग् | ᑯ | ko/go |
म | ma | म् | ᒪ | ma |
न | na | न् | ᓂ | ne |
स | sa | स् | ᓴ | sa[lower-alpha 4] |
य | ya | य् | ᔪ | yo |
Ekstra konsonantar | ||||
ल | la | ल् | ᓫ | -l |
र | ra | र् | ᕑ | -r |
व | va/wa | व् | ᐤ | -w |
◌ः | -h | ◌ः | ᐦ | -h |
Det er mogleg at -l og -r blei avleidde via rotasjon av éin devanagari-glyf, i Pitman-ånd, heller enn at dei kjem frå to forskjellige glyfar som tabellen viser.
I kontrast til dette kom dei endelege konsonantane p t c k m n s og y (som Evans kalla «endeleg i»), som no berre blir brukte i vestcree, frå Pitman-stenografi. Dei lineære glyfane ᑊ ᐟ ᐨ ᐠ p t c k er roterte 45° frå Pitman ᐠ ᑊ ᐟ ᐨ p t c k, men har dei relative orienteringane sine intakte; dei halvmåneforma glyfane ᒼ ᐣ ᐢ m n s er roterte 90° frå Pitman sine ᐢ ᓑ ᐣ m n s. «Endeleg i» i cree var opphavleg ein prikk, det same som det diakritiske teiknet for vokalen i i Pitman.[6]
Endeleg hk, derimot, er ᕽ, ein liten versjon av den greske bokstaven Χ kh, vald fordi Χ er eit logogram for Jesus Kristus.
Bruken av rotasjon for å endra vokalen til ei staving er unikt for kanadisk stavingsskrift, men har ein forløpar i stenografi. Pitman brukte rotasjon for å endra artikulasjonsstad: plosivar p t ch k, nasalar m n og frikativar h s sh f th var alle relaterte via rotasjon, noko ein delvis kan sjå i tabellen ovanfor.
Det lokale creesamfunnet tok til seg stavingsskrifta raskt. Creefolk byrja å skriva meldingar på trebork med brennande pinnar, og la igjen beskjedar på jaktmarker langt frå misjonsstasjonen. Evans meinte systemet var godt tilpassa dei innfødde kanadiske språka, særleg dei algonkinske språka han var kjent med. Han hevda at det med «visse endringar» kunne brukast til å skriva «kvart språk frå Atlanterhavet til Rocky Mountains».[7]
Evans prøvde å skaffa seg ei trykkpresse og ein ny settemaskin for å kunna gje ut materiale på skriftsystemet sitt. Her møtte han motstand frå dei europeiske kolonistyresmaktene. Hudson's Bay Company, som hadde monopol på utanlandshandel i vestlege Canada, nekta å importera ei presse for han, fordi dei meinte at lese- og skrivekunne blant innfødde var noko ein burde råda mot. Evans klarte likevel, med store vanskar, å laga si eiga presse og byrja å gje ut materiale skrive med stavingsskrifta.
Evans forlét Canada i 1846 og døydde kort tid seinare, men det at stavingsskrifta var så lett å læra og bruka gjorde at bruken kunne halda fram blant urfolk, trass i motstand frå europearane. I 1849 skreiv den anglikanske biskopen for Rupert's Land at «nokre få av indianarane kan lesa ved hjelp av desse stavingsteikna; men om dei berre hadde lært å lesa sitt eige språk med bokstavane våre, ville dei ha vore eitt steg nærare å læra seg det engelske målet.» Men stavingsskrifta hadde slått rot blant crefolk (og lesekunna deira var større enn hos både dei engelske og dei franske kanadiarane), og i 1861, femten år etter at Evans døydde, gav British and Foreign Bible Society ut ein bibel skriven med cree-stavingskrift.[8][9] Då hadde både protestantiske og katolske misjonærar tatt i bruk stavingsskrifta i misjonsarbeidet sitt.
Misjonsarbeid på 1850- og 1860-talet spreidde stavingsskrifta til vestkanadiske dialektar av ojibwa (prærieojibwa og saulteaux), men det blei sjeldan brukt over grensa av ojibwaene i USA. Misjonærar som hadde lært Evans sitt system spreidde det austover gjennom Ontario og inn i Québec, og nådde creespråklege område så langt aust som naskapi. Attikamekw- og innufolkene i austlege Québec og Labrador bruker latinske alfabet.
I 1856 møtte John Horden, ein anglikansk misjonær ved Moose Factory i Ontario som hadde tilpassa stavingsskrifta til austcree, ei gruppe inuittar frå regionen Grande rivière de la Baleine i nordlege Québec. Dei var interesserte i å tilpassa stavingsskrifta til språket sitt. Han førebudde nokre døme baserte på uttala deira av inuktitut, men det viste seg raskt at talet lydar og den enkle stavingsmodellen i Evans sitt system ikkje var nok for dette språket. Med hjelp frå Edwin Arthur Watkins laga han ei dramatisk modifisert utgåve av stavingsskrifta for å gjenspegla desse behova.
I 1876 tilsette den anglikanske kyrkja Edmund Peck til å jobba fulltid ved misjonsstasjonen sin i Great Whale River (Kuujjuarapik), som lærte stavingsskrifta til inuittane og omsette materiale til stavingsskrift. Arbeidet hans i Arktis blir vanlegvis kreditert for å ha etablert bruken av stavingsskrift blant inuittane. Med støtte frå både anglikanske og katolske misjonsorganisasjonar hadde inuittane innan 1900-talet tatt til seg stavingsskrifta og byrja å bruka henne seg imellom.
På 1880-talet fann John William Tims, ein anglikansk misjonær frå Storbritannia, opp ei rekke nye former for å skriva språket blackfoot.
Franske katolske misjonærar var primærkraften bak utvidinga av stavingsskrifta til athabaskiske språk seint på 1800-talet. Oblaftfedrene var særleg aktive i bruken av stavingsskrift i misjonsarbeid. Oblatpresten Adrien-Gabriel Morice tilpassa stavingsskrifta til dakelh, og fann opp eit stort tal nye grunnbokstavar for å støtta den meir kompliserte fonologien til athabaskiske språk. Presten Émile Petitot utvikla stavingsskrifter for mange athabaskiske språk i Nordvestterritoria, inkludert slavey og chipewyan.
Minst to skriftsystem er avleidde frå kanadisk stavingsskrift, og deler prinsippa frå denne, men har fundamentalt forskjellige bokstavformer eller lydverdiar.
Blackfoot, eit anna algonkinsk språk, bruker ei stavingsskrift som er ganske forskjellig frå cree- og inuktitut-versjonane. Sjølv om opphavet er frå cree kjem dei fleste bokstavformene frå det latinske alfabetet, og berre nokre kjem frå cree. Blackfoot har åtte initielle konsonantar; berre to av desse er same form som dei i cree, nemleg ⟨ᓯ⟩ sjå og ⟨ᔨ⟩ ye (her er berre vokalane blitt endra). Dei andre konsonantane blei skapte ved å endra bokstavar i det latinske alfabetet for å skapa -e-serien, og i tre tilfelle ved å ta bokstavar frå cree og gje dei lydverdier som tilsvarer dei latinske bokstavane dei liknar på. Desse er ⟨ᑭ⟩ pe (frå ⟨P⟩), ⟨ᒥ⟩ te (frå ⟨T⟩), ⟨ᖼ⟩ ke (frå ⟨K⟩), ⟨ᒋ⟩ me (frå ⟨m⟩), ⟨ᖸ⟩ ne (frå ⟨N⟩), ⟨ᖴ⟩ we (frå ⟨Ϝ⟩). Det er òg fleire tal distinkte endeformer. Dei fire vokalposisjonane blir brukte for dei tre vokalane og éin diftong i blackfoot. Skrifta blir ikkje lenger brukt i dag.
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Every time you click a link to Wikipedia, Wiktionary or Wikiquote in your browser's search results, it will show the modern Wikiwand interface.
Wikiwand extension is a five stars, simple, with minimum permission required to keep your browsing private, safe and transparent.