Kamešnica
From Wikipedia, the free encyclopedia
Kamešnica er eit fjell sørvest i Bosnia-Hercegovina, på grensa til Kroatia (Dalmatia). Fjellet er ei forlenging av fjellet Dinara, som strekkjer seg frå fjellovergangen Vaganj (1 173 m) i nordaust til Buško Blato (kunstig innsjø). Det meste av Kamešnica ligg i Bosnia, inkludert den høgaste toppen kalla Konj på 1 852 moh, med eit praktfullt utsyn over Bosnia og Kroatia. I klårt vêr kan ein til og med sjå øyane i Adriahavet.
Kjappe fakta Land, Fjellkjede ...
Kamešnica | |||
fjell | |||
Kamešnica | |||
Land | Bosnia-Hercegovina, Kroatia | ||
---|---|---|---|
Fjellkjede | Dei dinariske Alpane | ||
Høgd | 1 852 moh. | ||
Koordinatar | 43°45′N 16°48′E | ||
Kamešnica 43.733333333333°N 16.833333333333°E / 43.733333333333; 16.833333333333 | |||
| |||
Wikimedia Commons: Kamešnica | |||
Lukk
Kamešnica har eit rikt dyre- og planteliv, og har mange turstiar og djupe grotter. Økosystemet i nordlege delar av fjellet har vore heilt bevart sidan det ligg heilt isolert frå omverda med tett skog i området rundt. Toppen av Kamešnica er dekt av snø seks til sju månader av året.