Kame
From Wikipedia, the free encyclopedia
Kame (uttale keim, av skotsk came, som tyder «kam») er uregelmessige haugar og ryggar i terrenget, laga av isbreavsetningar sortert av breelvane. Dei er gjerne avsette i fordjupingar og hol i isen under nedsmeltinga etter den siste istida.[1]
- For smykkesteinen, sjå kamé.
Kamer kan opptre saman med daudisgroper og danna landskap av haugar og hol. Det geologiske omgrepet kame blei først brukt av Thomas Jamieson i 1874.[2]