From Wikipedia, the free encyclopedia
Kalving er når store bitar av is lausnar frå kanten av ein isbre[1] Det er ein form for isablasjon eller isforstyrring. Isen slepp brått taket og bryt laus frå ein isbre, isfjell, isfront, isbrem eller bresprekk. Isen som bryt laus kan klassifiserast som eit isfjell, men kan òg vere ein growler eller mindre.[2]
Når isbreane kalvar oppstår det gjerne eit høgt brak eller drønn[3] før isblokker opp til 60 meter høge bryt laus og styrtar ut i vatnet. Når isen treff vatnet vert det skapt store, og ofte farlege, bølgjer.[4] Bølgjene som vert danna på stader som ved Johns Hopkins-breen kan verte så store at båtar ikkje kan gå nærare enn 3 km. Desse hendingane har vorte store turistattraksjonar i stader som Alaska.
Mange brear endar ved havet eller innsjøar som har oppstått naturleg[5] med kalving av store mengder isfjell. Kalving frå isbreane på Grønland produserer 12 000 til 15 000 isfjell kvart år.[6]
Kalving frå isbremmar oppstår som regel frå sprekker.[7] Dette skjer heller sjeldan.
Det er nyttig å klassifisere årsakene til kalving i første, andre og tredjeordens prosessar.[8] Førsteordensprosessane er ansvarleg for ein vedvarande kalving av isbreen. Den viktigaste årsaka til kalving er langsgåande strekking, som kontrollerer danninga av bresprekker. Når bresprekkene trengjer gjennom heile tjukkeleiken av isen, vil dei kalve.[9] Langsgåande strekking vert styrt av friksjon på undersida og kantane av breen, utforminga til breen og vasstrykket under breen. Desse faktorane er derfor dei viktigaste for kor ofte ein bre kalvar.
Andre- og tredjeordensprosessar reknar ein i tillegg til førsteordensprosessen over, og styrer enkeltkalvingar, og ikkje den samla raten. Smelting ved vasslinja er ein viktig andreordensprosess, sidan han skjer den subærile isen nedanfrå, slik at han kollapsar. Andre andreordensprosessar er tidvatn og seismiske hendingar, oppdriftskrefter og smeltevatn som trengjer seg gjennom isen.
Når kalvinga skjer på grunn av smelting ved vasslinja, vil berre den delen av breen som stikk opp i lufta smelte, slik at ein får ein undersjøisk «fot». Dermed er ein tredjeordensprosess definert, der oppdriftskrefter får denne isfoten til å bryte av og flyte opp til overflata. Denne prosessen er ekstremt farleg og har mellom anna oppstått utan åtvaring opp til 300 meter frå brefronten.[10]
Sjølv om ein veit om mange faktorar som medverkar til kalving, er ein god matematisk formel for kalvinga framleis under utvikling. Ein samlar i dag data frå isbremmane i Antarktis og Grønland for å finne ei «kalvingslov». Variable nytta i modellar omfattar iseigenskapar som tjukkleik, tettleik, temperatur, c-akse-samansetnad og ureinleik. Stresset som står normalt på isfronten er er truleg den viktigaste variabelen, sjølv om han vanlegvis ikkje vert målt.
Det er i dag fleire utkast til ei føreseiande lov. Ein teori seier at kalvingsraten hovudsakleg er ein funksjon av forholdet mellom trekkspenninga og det vertikale trykkspenninga, til dømes at kavlingsraten er ein funksjon mellom det største og minste stress-bestanddelane.[11] Ein annan teori, basert på foreløpig forsking, syner at kalvingsraten aukar som ein potens av spredningsraten nær kalvingsfronten.
I oktober 1988 braut isfjellet A-38 laus frå Filchner-Ronne-isen i Antarktis. Dette var omtrent 150 km x 50 km, ein ismasse som hadde større areal enn delstaten Delaware. Ei ny kalving skjedde i mai 2000 og skapte eit isfjell på 167 km x 32 km.
Ei stor kalving skjedde i 1962 til 1963 på Ameryisen. I dag er det ein del av fronten på denne bremmen som vert kalla ei «laus tann». Denne delen måler 30 km x 30 km og flyttar seg kring 12 meter per dag og er venta å til slutt kalve.[12]
Den største observerte kalvinga av ei isøy skjedde ved Ward Hunt-isen[13]. Ein gong mellom august 1961 og april 1962 braut nesten 600 km2 med is laus.[14]
I 2005 braut nesten heile Aylesisen laus frå nordenden av Ellesmere Island. Sidan 1900 har kring 90% av isbremmen kring Ellesmere Island kalva og flote bort. Denne hendinga var den største av sitt slag dei siste 25 åra. Totalt forsvann 87,1 km² is tapt i hendinga. Det største isfjellet var 66,4 km² stort (tilsvarar 11 000 fotballbanar).[15]
Larsenisen ligg i Weddellhavet og strekkjer seg langs austkysten av Den antarktiske halvøya, og består av tre delar. To av desse har kalva. Larsen B-isen kalva og forsvann i februar 2002. I januar 1995 kalva Larsen A-isen på 3 250 km² is med ein tjukkleik på 220 meter og forsvann.
Kvart år kvalvar 35 milliardar tonn med isfjell frå Jakobshavnbreen eller Sermeq Kujalleq på Grønland og ut i fjorden.
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Every time you click a link to Wikipedia, Wiktionary or Wikiquote in your browser's search results, it will show the modern Wikiwand interface.
Wikiwand extension is a five stars, simple, with minimum permission required to keep your browsing private, safe and transparent.