Kalmarsund
From Wikipedia, the free encyclopedia
From Wikipedia, the free encyclopedia
Kalmarsund er eit sund i Austersjøen mellom den svenske øya Öland og landskapet Småland på det svenske fastlandet. Sundet er omkring 130 km langt og mellom 5 og 25 km breitt.
Det går ei bru over sundet, Ölandsbron.
Det eldste belegget for namnet er frå 1000-talet. Ein finn det òg på den sødermannlandske runesteinen Sö 333, som nemner at nokon vart drepen i Kalmarna sundum. «Kalmarsund» blir rekna å vere sekundært til stadnamnet Kalmarnar, no Kalmar, som i sin tur kjem frå det søraustsvenske dialektordet kalm som tyder 'steinrøys' eller 'steinsamling'.[1]
Området kring Kalmarsund har vore busett sidan steinalderen og bronsealderen;[2] i tillegg har folk frå mellomsteinalderen kryssa sundet på ei isbru i tidleg holocen då isbreane byrja å trekkje seg attende frå Öland. Alby er ein av stadane ein har funne spor etter ein busetnad frå tidleg i mellomsteinalderen, då folk kryssa Kalmarsund kring 6000 fvt. Dette er ein av dei eldste kjende mellomsteinalderlandsbyane i Nord-Europa.[3]
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Every time you click a link to Wikipedia, Wiktionary or Wikiquote in your browser's search results, it will show the modern Wikiwand interface.
Wikiwand extension is a five stars, simple, with minimum permission required to keep your browsing private, safe and transparent.