Kaliforniakondor
fugleart / From Wikipedia, the free encyclopedia
Kaliforniakondor (Gymnogyps californianus) er den nest største arten i kondorfamilien (Cathartidae) etter andeskondor. Han høyrer heime sørvest i USA, spesielt California og Arizona, men på slutten av 1800-talet var han utbreidd så langt nordaust som i sørlege Alberta i Canada. Som eit resultat av aktiv jakt og passiv forgifting med plantevernmiddel som DDT, sank populasjonen dramatisk, spesielt på første halvleiken av 1900-talet.[1] Frå 1987 til 1992 var han rekna som utdøydd i naturen.
Kaliforniakondor | |
Kaliforniakondor | |
Utbreiing og status | |
Status i verda: Kritisk truga Utbreiingsområde for kaliforniakondor. Området tidleg på 1800-talet er framheva, svart utbreiingsområdet rundt 1950, oransje utbreiingsområdet i 2012 | |
Systematikk | |
Rike: | Dyr Animalia |
Rekkje: | Ryggstrengdyr Chordata |
Underrekkje: | Virveldyr Vertebrata |
Klasse: | Fuglar Aves |
Orden: | Haukefuglar Accipitriformes |
Familie: | Kondorar Cathartidae |
Slekt: | Gymnogyps |
Art: | Kaliforniakondor G. californianus |
Vitskapleg namn | |
Gymnogyps californianus |
I 1987, då den siste ville kondoren vart fanga, var berre 27 individ framleis i live. Men sidan dei òg reproduserte seg godt i fangenskap, vart kondorar fleire gongar sleppte ut i naturen frå 1992 og framover i det største avlsprogrammet for vern av ein art i USA. Kaliforniakondorar lever no i nærleiken av dei fire stadene for utsetting i naturen: i California i Big Sur og i Pinnacles nasjonalpark (desse to bestandane har no sameina seg), ved Vermilion Cliffs National Monument i nordvest i Arizona og i det nordlege Baja California. Per slutten av 2019 var det totalt 518 levande individ, 337 av dei i fridom.[2]