Kabelkran
From Wikipedia, the free encyclopedia
Kabelkran er eit transportmiddel i form av eit taubanesystem som vert nytta for å henta ut tømmeri i ulendt terreng. Om lag ein fjerdel av skogsterrenget i Noreg er så bratt at det er vanskeleg å driva fram tømmeret[1]. Kabelkraner er skånsame mot terrenget[2] og høver òg for å henta ut virke der skogbotnen har dårleg bereevne, som til dømes på myr, eller når terrenget er utsett for erosjon. Kabelkraner nytta innan skogbruk er mobile, og er som oftast bygd på ein traktor eller eit spesalbygd chassis med eigen motor. Ei kabelkran har éin eller fleire berekablar, der ei vogn (løpekatt) som ber lasset vert trekt fram og attende ved hjelp av trekk- og returliner, drivne av ein vinsj. Dei er som oftast fjernstyrte via radio.