![cover image](https://wikiwandv2-19431.kxcdn.com/_next/image?url=https://upload.wikimedia.org/wikipedia/commons/thumb/8/84/YemeniJew1914.jpg/640px-YemeniJew1914.jpg&w=640&q=50)
Jødiske bøner og gudstenester
From Wikipedia, the free encyclopedia
I rabbanittisk jødedom er det tre daglege gudstenester på vanlege dagar — sjaḥarít (‘morgons’), minḥá (‘mjøloffer’, ettermiddagsbøn) og ʿarbít (‘kvelds’). (Mange askenasiske jødar kallar kveldsgudstenesta maʿarív i staden.) Alle desse gudstenestene inneheld ein velsigningsserie som blir kalla «ʿAmidá» (‘ståande’). ʿAmidáen blir òg nokre gonger kalla tefillá (‘bøn’). Særleg blant askenasím er det vanleg å kalle ʿamidáen «sjemoné ʿesré» (‘18’), ettersom ʿamidáen i tidlegare tider omfatta atten bøner på vanlege kvardagar. (Kring tida at Misjná vart skriven ned vart dette talet utvida til 19.) Ei anna hovudbøn er «Sjemáʿ Jisraél» (‘Høyr, Israel’). Denne bøna blir lesen under sjaḥarít og ʿarbít, og gjerne òg privat når ein legg seg om kvelden.
![Thumb image](http://upload.wikimedia.org/wikipedia/commons/thumb/8/84/YemeniJew1914.jpg/320px-YemeniJew1914.jpg)
Dei fleste bønene i tradisjonelle jødiske gudstenester kan seiast både i fellesgudstenesta og som privat bøn. Unntak frå denne regelen inkluderer «Kaddísj» og «Kedusjá» (‘Heilagbøna’) — bøner som berre skal seiast i minján — det vil seie ei gruppe av minst ti religiøst myndige og teljande jødar. Denne gruppa blir definert noko ulikt blant ulike jødiske grupper.
Det finst og andre bøner og velsigningar som blir sagde ved ulike høve i løpet av dagen — slik som t.d. signinga før og etter maten.
Den jødiske tilnærminga til bøn varierer mellom dei ulike greinene av jødedommen. Medan alle vanlege undergrupper av rabbanittiske jødar brukar det same materialet av bøner og tekstar (men ein del lokal variasjon i resensjonen), er det mykje variasjon i kor ofte ein faktisk gjennomfører offentleg eller privat bøn, kva for bøner ein tek med eller utelèt ved ulike høve og kva språk ein brukar for dei ulike bønene. Ein hovudtendens er at ortodokse jødar les det fulle hebraiske/arameiske ritualet på originalspråka og at reformjødar les eit avkorta ritual med mykje bruk av omsetjingar såvel som samtidige dikt og songar av både jødisk og ikkje-jødisk opphav. Konservativ og rekonstruksjonistisk jødedom ligg oftast ein stad mellom desse ytterpunkta.
![Thumb image](http://upload.wikimedia.org/wikipedia/commons/thumb/1/19/IDF_soldier_put_on_tefillin.jpg/640px-IDF_soldier_put_on_tefillin.jpg)