![cover image](https://wikiwandv2-19431.kxcdn.com/_next/image?url=https://upload.wikimedia.org/wikipedia/commons/thumb/7/75/Gyaros_Luftbild_01.jpg/640px-Gyaros_Luftbild_01.jpg&w=640&q=50)
Járos
From Wikipedia, the free encyclopedia
Járos (gresk Γυάρος) eller Joúra (gresk Γιούρα), òg skrive Gyaros, er ei øy i Hellas som høyrer til Kykladane i Egearhavet. Øya er ikkje busett og har eit areal på 23 km². Øya er ein del av kommunen Sýros-Ermoúpoli, som høyrer til periferieininga Sýros i periferien Dei sørlege egeiske øyane.
Kjappe fakta Járos Lokalt namn Γυάρος, Geografi ...
Járos Lokalt namn Γυάρος | |
---|---|
![]() | |
Geografi | |
Stad | Egearhavet |
Koordinatar | 37°37′N 24°43′E |
Øygruppe | Kykladane
|
Areal | 23 km²
|
Administrasjon | |
Land | Hellas |
Periferi Periferieining Kommune | Dei sørlege egeiske øyane Sýros Sýros-Ermoúpoli
|
Demografi | |
Folketal | 0 (2021[1]) |
Lukk
Járos og andre småøyar i Egearhavet fungerte som eksil for viktige personar tidleg i romartida. Venstrevendte politiske dissidentar i Hellas vart òg haldne i eksil her frå 1948 til 1974. Minst 22 000 vart halde i eksil eller i fengsel på øya i løpet av denne perioden.