Julija Samojlova
From Wikipedia, the free encyclopedia
Julija Olegovna Samojlova (fødd 7. april 1989) er ein russisk songar og låtskrivar. Samojlova sit i rullestol på grunn av ein arveleg muskelsjukdom og vart nasjonalt kjend i Russland då ho vart nummer to i Faktor A, den russiske utgåva av X Factor, i 2013. Samojlova skulle ha representert Russland i Eurovision Song Contest 2017 i Kyiv i Ukraina, men ukrainske styresmakter nekta ho innreise til landet. Årsaka var at Samojlova ifølgje Ukraina hadde brote ukrainsk lov ved å vitja Krim etter den russiske annekteringa i 2014. Striden enda med at Russland trekte seg frå tevlinga, og Samojlova deltok i staden i Eurovision Song Contest 2018 der ho vart slått ut i semifinalen.[1][2][3]