norsk politkar, journalist og oversetjar From Wikipedia, the free encyclopedia
Augusta Julie Georgine Stang (fødd 11. desember 1869 i Christiania, død 11. februar 1944 i Oslo) var ein norsk journalist og politikar.
Julie Augusta Georgine Stang | |
Statsborgarskap | Noreg |
Fødd | 11. desember 1869 Oslo kommune |
Død |
11. februar 1944 (74 år) |
Yrke | politikar, journalist, omsetjar |
Politisk parti | Høgre |
Far | Emil Stang d.e. |
Julie Augusta Georgine Stang på Commons |
Augusta Stang tok seminareksamen i 1896 og verkte nokon år som lærer i Christiania. Frå 1912 arbeidde ho i Aftenposten der ho skreiv spesielt om sosiale spørsmål under merket «Argus». Ho gav støytet til Aftenposten sine årlege «Argus»-innsamlinger og «Arguslotteriet» til inntekt framfor alt for «pauvres honteux» (ubemidla danna). Dette sosialomsutstiltaket spila ei stor rolle i hovudstaden i meir enn ein mannsalder (1916–1986). Etter henne var avisa si seinare sjefredaktør Einar Diesen (1897–1994) drivkraft bak «Arguslotteriet». Han utgav òg Kabalboken med betydeleg suksess i 1941, den som Augusta Stang hadde utgjeve eit kvart hundreår før han (2. utauka utgåve 1919) på Damms Forlag. I tillegg til Kabalboken gav ho òg ut Norsk læsebok for barneskolen (Cappelen 1906) saman med Yngvar Brun og systera si Adelaide Stang. Ho var òg aktiv som omsetjar.
Augusta Stang representerte Høire i Oslo Bystyre i 12 år (1920–1932), og i 9 år var ho i Formannskapet. Ho var den første kvinna i vegnamnkomiteen, og òg med i Skulestyret og i Barneforsorgskomiteen. Ho var med i fleire internasjonale kongressar for barneforsorg. I 1928 vart ho medlem av Høires Centralstyre, og i perioden 1931-33 representerte ho Oslo på Stortinget som den andre Høire-kvinne på fast plass i historia. Augusta Stang innehadde formannsvervet i Landforbundet til Høgrekvinner i 10 år (1927–1937).
Ho tilhøyrde Stang-slekta frå Halden og var dotter av Høires stiftar, høgsterettsassessor og statsminister Emil Stang d.e. (1834–1912) og kona hans Adelaide Pauline Berg (1840–1931), og dessutan syster av professor og statsråd Fredrik Stang d.y. (1867–1941) og av høgsterettsjustitiarius Emil Stang d.y. (1882–1964).
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Every time you click a link to Wikipedia, Wiktionary or Wikiquote in your browser's search results, it will show the modern Wikiwand interface.
Wikiwand extension is a five stars, simple, with minimum permission required to keep your browsing private, safe and transparent.