Objekt utforma for å halde juletre oppreist From Wikipedia, the free encyclopedia
Ein juletrefot er ei innretning som held eit juletre ståande. Ein slik haldar kan vera laga av tre, metall eller plast. Juletrefoten skal halda treet stødig, samstundes som han skal vera liten nok til at ein kan gå rundt treet. Han kan også innehalda vatn som treet kan suga opp.
Juletrefoten er blitt tillagd kristen symbolikk ved det at han opphavleg gjerne var laga av to krosslagde plankebitar.
Juletreføter for kunstige tre treng ikkje innehalda vatn, men kan ha andre roller. Føter for aluminiumsjuletre kan til dømes vera farga, gjennomskinnelege hjul som ved gjennomlysing kasta fargar på metallgreinene til treet.[1] Nokre gonger kunne denne også rotera og slik endra fargane.[2]
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Every time you click a link to Wikipedia, Wiktionary or Wikiquote in your browser's search results, it will show the modern Wikiwand interface.
Wikiwand extension is a five stars, simple, with minimum permission required to keep your browsing private, safe and transparent.