Julenatt
From Wikipedia, the free encyclopedia
Julenatt er natta mellom julaftan og første juledag, og har frå gammalt av blitt sett på som ei av dei farlegaste og mest magiske nettene i året. Omtrent alt som var av overnaturlege vesen og trollskap var ute julenatta, difor var det viktig å ta forholdsreglar og ta i bruk alle midla ein hadde for å verna seg mot det vonde.[1]