From Wikipedia, the free encyclopedia
Judaspengar (Lunaria annua) er ein opptil meterhøg, eitt- eller toårig plante av krossblomfamilien.
Judaspengar | |
Judaspengar | |
Systematikk | |
Rike: | Planteriket Plantae |
Overrekkje: | Landplantar Embryophyta |
Rekkje: | Karplantar Tracheophyta |
Underrekkje: | Frøplantar Spermatophytes |
Orden: | Krossblomordenen Brassicales |
Familie: | Krossblomfamilien Brassicaceae |
Slekt: | Lunaria |
Art: | Judaspengar L. annua |
Vitskapleg namn | |
Lunaria annua |
Han får store, raudfiolette blomstrar, i sjeldne tilfelle vert dei kvite. Blada er hjarteforma, grovt kvasstanna med flattrykte hår. Stengelen har sprikande hår. Blomstrane utviklar store, heilt flate skulper med flate frø. Frøa sit i to rekkjer i kvart av dei to skulperomma. Når frøa er mogne, fell fruktblada av skulpene, og den tynne, pergamentaktige skiljeveggen kjem til synes. Det er denne som har gjeve opphav til namnet Judaspengar eller Måneskulpe. Dei dekorative skulpene har gjort judaspenge til ein ynda prydplante, og frå parkar og hagar er han forvilla slik at han i Noreg har naturalisert seg frå Østfold, nord til Oslo og langs kysten til Bergen.
Planten kjem opphavleg frå Sør-Europa, men finst òg austover i Eurpopa til vestlege Sibir.
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Every time you click a link to Wikipedia, Wiktionary or Wikiquote in your browser's search results, it will show the modern Wikiwand interface.
Wikiwand extension is a five stars, simple, with minimum permission required to keep your browsing private, safe and transparent.