From Wikipedia, the free encyclopedia
Josefine av Noreg og Sverige (14. mars 1807–7. juni 1876) var dronning av Noreg og Sverige frå 1844 til 1859.
Josefine av Noreg og Sverige | |||
| |||
Fødd | Joséphine Maximiliane Eugénie Napoleone 14. mars 1807 Milano | ||
---|---|---|---|
Død | 7. juni 1876 (69 år) Stockholm, Stockholms slott | ||
Tittel | dronning av Sverige | ||
Føregangar | Desideria | ||
Etterfylgjar | Louise av Sverige og Noreg | ||
Alle titlar | kongegemalinne, prinsesse, hertuginne, Fyrstinne | ||
Alias | Josefine av Leuchtenberg | ||
Hus eller slekt | Huset Bernadotte | ||
Gravstad | Riddarholmskyrkan | ||
Land | Sverige, Kongedømet Italia | ||
Mor | Augusta av Bayern | ||
Far | Eugène de Beauharnais | ||
Ektefelle | Oscar I | ||
Barn | Karl IV av Noreg, Prins Gustaf, Oskar II av Noreg og Sverige, Eugénie Bernadotte, Prins August |
Josefine var dotter av Eugène de Beauharnais (stesonen til Napoléon Bonaparte) og Augusta av Bayern. Far hennar fekk tildelt tittelen Herzog von Leuchtenberg (hertug av Leuchtenberg) av kong Maximilian I av Bayern i 1817, etter at Napoleon var styrta.
Ho blei gift 19. juni 1823 med kronprins Oscar, som seinere blei norsk og svensk konge under namnet Oscar I.[1]
Josefine (i Sverige Josefina) blei svært populær i sine nye heimland. Ho blei verande katolikk trass i stort press frå den lutherske svenske statskyrkja for å få henne til å konvertera. Ho arbeidde for religionsfridom, som blei innført i Sverige i 1860.
I tillegg var ho ein pådrivar for bygging av katolske kyrkjer, mellom anna St. Olavs kyrkje i Oslo.[2]
Josefines gate i Oslo har namn etter dronning Josefine.
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Every time you click a link to Wikipedia, Wiktionary or Wikiquote in your browser's search results, it will show the modern Wikiwand interface.
Wikiwand extension is a five stars, simple, with minimum permission required to keep your browsing private, safe and transparent.