Johnny Marr
britisk poet og gitarist / From Wikipedia, the free encyclopedia
Johnny Marr (fødd 31. oktober 1963 som John Martin Maher) er ein engelsk musikar, låtskrivar og songar. Mellom 1982 og 1987 var han gitarist og medlåtskrivar, med Morrissey, i rockebandet The Smiths. Musikkjournalistar har kalla dei det viktigaste alternative rockebandet som dukka opp i Storbritannia i 1980-åra.[2] Simon Goddard i Q hevda i 2007 at the Smiths var «den mest innverknadsrike gitargruppa det tiåret» og «dei første indie-outsiderane som fekk suksess på eigne vilkår».[3] NME kåra The Smiths til «dei mest innverknadsrike artistane gjennom tidene» i ei undersøking i 2002, sjølv føre The Beatles.[4]
Johnny Marr | |||
Johnny Marr i 2012 | |||
Fødd | 31. oktober 1963 (60 år) | ||
---|---|---|---|
Fødestad | Ardwick i Manchester i England | ||
Fødenamn | John Martin Maher | ||
Alias | Johnny Marr | ||
Opphav | Storbritannia | ||
Aktiv | 1982 til i dag | ||
Sjanger |
| ||
Instrument | |||
Tilknytte artistar |
| ||
Plateselskap |
| ||
Verka som |
| ||
Prisar | MOJO Awards |
Marr har òg vore medlem av Electronic, ei alternative dance-supergruppe i lag med New Order-songaren og gitaristen Bernard Sumner; The The, ei engelsk gruppe med Matt Johnson; Modest Mouse, eit amerikansk indierockband[5] skipa i 1993 i Issaquah i Washington; og The Cribs, eit engelsk indierockband opphavleg frå Wakefield i West Yorkshire. I tillegg har han arbeidd mykje som studiomusikar. I 2013 gav han ut soloalbumet The Messenger (2013).
I 2013 gav NME Marr prisen «Godlike Genius» og sa: «Han var ikkje nøgd med å skrive musikkhistoria på ny med eit av dei største banda i verda, the Smiths, men har halde fram å flytte grenser og utvikle seg gjennom karrieren, og arbeidd med somme av dei beste og mest spanande artistane på planeten.»[6] Han vart stemnt fram som den fjerde beste gitaristen dei siste 30 åra i ei undersøking utført av BBC i 2010.[7] Phil Alexander, sjefsredaktør i Mojo, har skildra Marr som «utan tvil den siste store gitarstilisten i Storbritannia».[8]