dansk politikar From Wikipedia, the free encyclopedia
Johanne Schmidt-Nielsen (fødd 22. februar 1984 i Odense) er generalsekretær for den danske organisasjonen Red Barnet[1] og tidlegare parlamentarisk leiar i danske Folketinget for Enhedslisten. Enhedslisten har flat struktur, og då Schmidt-Nielsen i 2009 blei vald til parlamentarisk leiar var det fyrste gongen i historia til partiet at nokon blei vald til dette vervet. Partiet har ikkje nokon vald leiar, men Schmidt-Nielsen var i praksis andletet til partiet mot omverda. I mai 2016 tok Pernille Skipper over rolla som parlamentarisk leiar.
Johanne Schmidt-Nielsen | |||
| |||
Fødd | 22. februar 1984 (40 år) Odense | ||
---|---|---|---|
Statsborgar av | Kongeriket Danmark | ||
Yrke | politikar, kvinnesaksforkjemper | ||
Utdanna ved | Roskilde Universitet | ||
Alle verv |
Schmidt-Nielsen byrja den politiske karrieren sin i Danske Gymnasieelevers Sammenslutning, der ho var nestleiar frå 2002 til 2003. Ho har gjort seg merka ved deltaking i ei rekkje politiske aksjoner. I forkant av valet i 2007 fekk ho stor merksemd rundt å ha meldt eit dansk pornoblad til politiet for hallikverksemd fordi dei hadde med ein prostituert som premie i ein av sine konkurransar. Under partileiardebatten i 2007 var ho den yngste deltakaren i ein dansk partileiardebatt nokon sinne.
Under folketingsvalgt i Danmark 2011 fekk Schmidt-Nielsen 47 002 personrøyster – berre sitjande statsminister Lars Løkke Rasmussen fekk fleire.[2]
Enhedslisten har eit rotasjonsprinsipp som gjorde at Schmidt-Nielsen ikkje stod på nokre vallister under Folketingsvalet 2019.[1]
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Every time you click a link to Wikipedia, Wiktionary or Wikiquote in your browser's search results, it will show the modern Wikiwand interface.
Wikiwand extension is a five stars, simple, with minimum permission required to keep your browsing private, safe and transparent.