![cover image](https://wikiwandv2-19431.kxcdn.com/_next/image?url=https://upload.wikimedia.org/wikipedia/commons/thumb/3/32/Peter_Gustav_Lejeune_Dirichlet.jpg/640px-Peter_Gustav_Lejeune_Dirichlet.jpg&w=640&q=50)
Johann Peter Gustav Lejeune Dirichlet
tysk matematikar / From Wikipedia, the free encyclopedia
Johann Peter Gustav Lejeune Dirichlet (13. februar 1805–5. mai 1859) var ein tysk matematikar.
Etter studiar i Paris vart han utnemnd til professor i Berlin i 1831. I 1855 etterfølgde han Carl Friedrich Gauss som professor i Göttingen. Fleire resultat innan matematikken er knytte til namnet hans, mellom anna satsen om primtal i aritmetiske rekkjer som seier at det eksisterer ei uendeleg mengd primtal på forma ax + b når a og b ikkje har noko felles faktor. Innan algebraisk talteori er teoremet hans om einingane fundamental. I funksjonsteori var den generelle oppfatninga hans av sjølve funksjonsomgrepet viktig, og han sette opp vilkår for utviklinga av ein funksjon i trigonometriske rekkjer, samt gjorde undersøkingar over potensialteori, der dirichletske rekkjer er ei viktig utviding av omgrepet potensrekkje. Forelesningane hans om talteori vart gjeven ut i mange opplag av matematikaren Richard Dedekind og dei samla verka hans vart utgjeven av Vitskapsakademiet i Berlin (2 bind, 1890–1897).