Johan Ludvig Emil Dreyer (13. februar 1852–14. september 1926) var ein dansk-irsk astronom.[1][2]
Johan Ludvig Emil Dreyer | |||
| |||
Fødd | 13. februar 1852 København | ||
---|---|---|---|
Død | 14. september 1926 Oxford | ||
Nasjonalitet | Kongeriket Danmark, Irland, Storbritannia | ||
Område | astronomi | ||
Yrke | astronom, biograf | ||
Institusjonar | Armagh Observatory | ||
Ektefelle | Katherine Hannah Tuthill | ||
Barn | Frederic Charles Dreyer, John Tuthill Dreyer | ||
Medlem | Det Kongelige Danske Videnskabernes Selskab |
Dreyer arbeidde hovudsakleg innafor to område: observasjon og katalogisering av tåker og stjernehoper, og astronomihistorie. I 1888 gav han ut New General Catalogue of Nebulae and Clusters of Stars (posisjon for 7840 tåker og stjernehopar) som, saman med to supplement (1895 og 1908), enno er eit uunnværleg hjelpemiddel ved alle observatorium. Han redigerte og gav ut dei vitskaplege arbeida og korrespondansane til Tyge Brahe (på latin i 15 store bind), og skreiv i 1890 ein av dei mest kjende bøkene om astronomihistorie, History of the Planetary System from Thales to Kepler (utgjeven på ny i 1953, under tittelen History of Astronomy from Thales to Kepler).
Dreyer var direktør for Armagh observatorium i Nord-Irland frå 1882 til 1916.
Kjelder
Wikiwand in your browser!
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Every time you click a link to Wikipedia, Wiktionary or Wikiquote in your browser's search results, it will show the modern Wikiwand interface.
Wikiwand extension is a five stars, simple, with minimum permission required to keep your browsing private, safe and transparent.