Johan Jørgen Krohn
From Wikipedia, the free encyclopedia
From Wikipedia, the free encyclopedia
Johan Jørgen Krohn (12. mai 1804–8. oktober 1859)[1][2] var ein norsk boktrykkar, redaktør og avisgründer.[1] Krohn deltok i det tidlege strevet for å skape ei fri presse i Noreg i tida etter 1814. Han dreiv mellom anna tidskrifta Statsborgeren og Granskeren i Christiania, før han stifta Ringeriges Ugeblad (no Ringerikes blad) på Hønefoss.
Johan Jørgen Krohn | |
Statsborgarskap | Noreg |
Fødd | 12. mai 1804 |
Død |
8. oktober 1859 (55 år) |
Yrke | redaktør |
Johan Jørgen Krohn var fødd på garden Dale i Norddal på Sunnmøre. Foreldra var klokkar Iver Høeg Krohn og Mette Marie (fødd Schjelderup).[2] Namnet hadde han etter oldefaren som innvandra frå Altona (ved Hamburg) til Bergen omkring 1726.[3][4] Gift med Lovise Fredrikke Lilloe (1810-1891). Han voks til dels opp på Ringerike hos onkelen[5] med same namn. Onkelen var offiser, vegmeister og forvaltar for Peder Ankers store skogeigedommar og tømmerverksemd.[6] Berre 15 år gamal byrja den unge Johan Jørgen i lære hos boktrykkar Jacob Lehmann i Christiania. Lehmann hadde på denne tida einerett på trykking av den ferske Grunnlova.
Allereie i 1827 etablerte Johan Jørgen eige boktrykkeri i Akersgata 30[1] der eit av hans første oppdrag var ’Ah!’ Farce av Henrik Wergeland. Hausten same året gav Krohn ut første nummer av Christianias Aftenblad med Henrik Anker Bjerregaard og H.L. Bernhoft som redaktørar, avisa vart nedlagt etter eitt år. I desember same år kom vekebladet Den norsk Huusven redigert av Mauritz Hansen, også dette bladet vart lagt ned etter kort tid. I 1831 byrja Krohn å trykke det opposisjonelle tidsskriftet Statsborgeren. Et Tidende for Norges Vel, grunnlagt og redigert av Peder Soelvold.[7] Henrik Wergeland skildrar møtet med boktrykkar Krohn slik
Wergeland tok seinare over som redaktør til tidsskriftet og skreiv så seint som i mars 1837 (bladet gjekk inn same året) ut følgjande garanti til Krohn «Jeg indestaaer Hr. Krohn for at han ikke skal mangle Manuskript til Statsborgeren».[9]
I 1839 gjekk Krohn i kompaniskap med boktrykkar Christian Schibsted og flytta trykkeriet til Dronningensgate 10. Saman med Schibsted gav Krohn ut nok eit kontroversielt tidsskrift: Granskeren vart redigert av Wergelands ven, politikaren og professoren Ludvig Kristensen Daa. Kompaniskapet med Schibsted vart oppløyst i 1843[10] og Krohn sat att med vel 500 spesidaler etter at gjelda til Schibsted var oppgjort.[1] Johan Jørgen Krohn flytta til Ringerike der han opna bokhandel og trykkeri på Hønefoss. Allereie 17. januar 1845 kom første nummer av Ringeriges Ugeblad ut, no Ringerikes Blad. Sonen Johan Fredrik Krohn tok over avisa då Johan Jørgen Krohn døydde.
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Every time you click a link to Wikipedia, Wiktionary or Wikiquote in your browser's search results, it will show the modern Wikiwand interface.
Wikiwand extension is a five stars, simple, with minimum permission required to keep your browsing private, safe and transparent.