Joe Biden
46. USAs president From Wikipedia, the free encyclopedia
46. USAs president From Wikipedia, the free encyclopedia
Joseph Robinette Biden, Jr. (fødd 20. november 1942), oftast berre kalla Joe Biden, er ein amerikansk politikar for Det demokratiske partiet i USA og president i USA sidan 2021. Han var senator i det amerikanske senatet for delstaten Delaware frå 1973 til 2009, og seinare den 47. visepresidenten i USA under Barack Obama frå 2009 til 2017.
Joe Biden | |||
| |||
Fødd | 20. november 1942 (81 år) Scranton | ||
---|---|---|---|
Statsborgar av | USA | ||
Parti | Det demokratiske partiet i USA | ||
Yrke | politikar, advokat, universitetslærar, skribent, diplomat, jurist, president | ||
Institusjonar | University of Pennsylvania Widener University | ||
Utdanna ved | Syracuse University University of Delaware Archmere Academy Garden City Collegiate | ||
Mor | Jean Biden | ||
Far | Joseph Robinette Biden Sr. | ||
Ektefelle | Neilia Hunter, Jill Biden | ||
Barn | Beau Biden, Amy Biden, Hunter Biden, Ashley Biden | ||
Verv | President i USA | ||
Føregangar | Dick Cheney | ||
Etterfylgjar | Mike Pence | ||
Verv | Senator 3. januar 1973–15. januar 2009 | ||
Føregangar | Caleb Boggs | ||
Etterfylgjar | Ted Kaufmann | ||
Alle verv |
| ||
Signatur |
Biden vart vald til USAs 46. president i det amerikanske presidentvalet i 2020 og innsett som president 20. januar 2021.[1]
Joe Biden vart fødd ved St. Mary's Hospital i Scranton i Pennsylvania og gjekk på St. Paul's grunnskule i byen.[2] I 1955 flytta han saman med familien til Mayfield i Delaware.
I 1962 byrja Biden å studere historie og politisk vitenskap ved University of Delaware. Undervegs i studietida møtte hnan Neilia Hunter, som studerte ved Syrcause University i New York.[3] Etter at han var ferdig med studiane i Delaware i 1965, byrja Biden å studera juss ved Syracuse University.[4]
Biden og Hunter gifta seg 27. august 1966. Etter at Biden vart ferdig med jusstudiet ved Syracus flytta paret til Wilmington der han jobba som jurist.
Den fyrste kona til Biden, Neilia (f. Hunter), døydde i ei bilulukke i 1973 saman med det eine av tre barn. I 1977 gifte Biden seg med Jill Tracy Jacobs, og dei har eitt barn saman.
I 1970 vart han vald inn til fylkesstyret i New Castle der han hadde vervet fram til 1972. Som den femste yngste personen gjennom historia vart Biden vald inn i det amerikanske senatet i 1973.[5] Han har sete som senator i totalt seks periodar etter dette. Biden var leiar i justiskomitéen frå 1987 til 1995.
Han stilte som presidentkanditat for Det demokratiske partiet i 1988 og i 2008, men trakk ved begge høva sitt kandidatur grunna manglande oppslutnad. Etter å ha trukke seg som presidentkandidat i januar 2008[6] vart han i august 2008 vald av Barack Obama som kandidat for rolla som visepresident.[7][8]
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Every time you click a link to Wikipedia, Wiktionary or Wikiquote in your browser's search results, it will show the modern Wikiwand interface.
Wikiwand extension is a five stars, simple, with minimum permission required to keep your browsing private, safe and transparent.