Jet Li
From Wikipedia, the free encyclopedia
Li Lianje (fødd 26. april 1963), kjend som Jet Li, er ein kinesisk filmskodespelar, regissør og produsent. Han er også kampsportutøvar og tidlegare wushumeister. Han har også teke singaporsk statsborgarskap.[1]
Jet Li | |||
| |||
Fødd | 26. april 1963 (61 år) | ||
---|---|---|---|
Fødestad | Beijing | ||
Aktive år | 1982–2016 | ||
Verka som | skodespelar, filmprodusent, skribent, filmregissør, idrettsutøvar, filmskodespelar | ||
Ektefelle | Nina Li Chi, Huang Qiuyan | ||
Born | Jane Li |
Etter å ha trekt seg tilbake frå wushu som nittenåring gjorde Jet Li det stort som skodespelar med filmar som Shaolin Temple (1982), Hero, (2002) og filmserien Once Upon a Time in China, der han spelte folkehelten Wong Fei-hung. Li si første rolle i ein ikkje-kinesisk film var som skurk i Lethal Weapon 4 (1998), og hans første hovudrolle i ein Hollywood-film var som Han Sing i Romeo Must Die (2000). Han har spelt inn ei rekkje actionfilmar, som Le Baiser mortel du dragon og Unleashed av Luc Besson, The One (2001) og The Forbidden Kingdom (2008) med Jackie Chan, dei tre The Expendables-filmane med Sylvester Stallone, og i tittelrolla i The Mummy: Tomb of the Dragon Emperor (2008).