From Wikipedia, the free encyclopedia
Jean-Joseph Étienne Lenoir (12. januar 1822–4. august 1900) var ein fransk ingeniør og er kjend for å ha konstruert den fyrste fungerande direkteverkande forbrenningsmotoren med intern forbrenning, i 1859. Barsanti og Matteucci hadde rett nok eksperimentert med direkteverkande motorar, men kom til at atmosfæremotorar var å føretrekkja.
Jean-Joseph Étienne Lenoir | |||
| |||
Fødd | 12. januar 1822 Mussy-la-Ville | ||
---|---|---|---|
Død | 4. august 1900 La Varenne-Saint-Hilaire | ||
Nasjonalitet | Belgia, Luxembourg | ||
Område | teknologi, gas combustion engine, Totaktsmotor, Kullgass, automobile engine, skip, Telegrafi, teknologihistorie | ||
Yrke | oppfinnar, teknikar, bilingeniør, skipskonstruktør, handelsmannn |
Lenoir kom til verda i Mussy-la-Ville i Luxembourg (frå 1839 Belgia) og døydde i La Varenne-Saint-Hilaire, utanfor Paris. Han tok fransk statsborgarskap i 1870, og i 1881 vart han utnemnd til Chevalier de la Légion d’Honneur (riddar av æreslegionen).
I 1859 laga Lenoir ein motor med intern forbrenning, som gjekk på ei blanding av lampegass (kolgass) og luft. I november same året søkte han patent på motoren og fekk det innvilga i 1860. Motoren hadde eit dobbeltverkande stempel og fungerte ved at stemplet saug inn gass-luftblandinga under fyrste delen av arbeidsslaget. Om lag midtvegs vart innsugingsventilen stengd og gassblandinga vart sett fyr på av ein elektrisk gneiste. Det var difor berre under andre delen av arbeidsslaget at motoren utførte arbeid[1]. Kvart av dei to forbrenningskammra (eit på kvar side av stemplet), Fig. 2, hadde ei arbeidstakt per omdreiing, men motorane skilde seg termodynamisk frå totaktsmotorar, som arbeider etter ein Beau de Rochas- eller dieselsyklusen. Lenoir nytta sleideventilar, Fig. 2.
På grunn av at gass-luftblandinga ikkje vart komprimert før ho vart tend hadde motorane til Lenoir svært låg verkningsgrad. Den fyrste prototypen hadde eit turtal på 130 o/min [2], så det var naudsynt med eit stort svinghjul for å halda han i gang. Det vart nytta vatn som avkjøling, så Lenoir må òg reknast som oppfinnaren av vasskjøling.
Høgspenninga til den elektriske gneisten til tenninga vart generert av ein Ruhmkorff-transformator og Lenoir fann sjølv opp ein tennplugg, med porselenisolasjon. Lenoir demonstrerte motoren den 23. januar 1959 for eit tjuetals personar.
I 1863 konstruerte Lenoir ein primitiv forgassar, slik at motoren hans kunne nytta flytande drivstoff. Same året bygde han ein ny bil med ein 1,5 hk motor og prøvekøyrde den på den 9 km lange strekninga mellom verkstaden sin i rue de la Roquette i Paris og Joinville-le-Pont. Turen tok tre timar, tur-retur.
I 1859 vart føretaket Société Lenoir-Gautier stifta, for å produsere motoren. Dette føretaket produserte 380 Lenoirmotorar før dei vart utkonkurrerte av dei meir effektive motorane til Nikolaus Otto og Eugen Langen.
Lenoir-motorar er utstilte på Musée du Conservatoires des Arts et Metièrs i Paris og på Deutsches Museum von Meisterwerken der Naturwissenschaft und Technik i München.
Lenoir tok òg patent på mange andre oppfinningar, som til dømes emaljering, ein forbetra metode for eloksering, elektriske bremsar, eit signalsystem for jarnvegane, overflatebehandling av glas, garving av lêr og tennpluggar til forbrenningsmotorar (i 1876).
Nikolaus August Otto bygde på erfaringane til Lenoir då han i 1862 starta utviklinga av ein firetaktsmotor med kompresjon, så sjølv om motoren til Lenoir viste seg for kostbar i drift la den grunnlaget for den vidare utviklinga av forbrenningsmotoren.
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Every time you click a link to Wikipedia, Wiktionary or Wikiquote in your browser's search results, it will show the modern Wikiwand interface.
Wikiwand extension is a five stars, simple, with minimum permission required to keep your browsing private, safe and transparent.