italiensk ingeniør From Wikipedia, the free encyclopedia
Eugenio Barsanti (12. oktober 1821–19. april 1864) var ein italiensk ingeniør, kjend som ein pioner innan utviklinga av motorar med intern forbrenning.
Eugenio Barsanti | |
Statsborgarskap | Kongedømet Italia |
Fødd | 12. oktober 1821 Pietrasanta |
Død | |
Yrke | romersk-katolsk prest, ingeniør, oppfinnar, fysikar |
Språk | italiensk |
Religion | Den romersk-katolske kyrkja |
Eugenio Barsanti på Commons |
Barsanti vart fødd i Pietrasanta i Toscana, gjekk på skule i nærleiken a Lucca i Toscana. I 1838 tok han til som lærling ved den katolske piaristorenen i Firenze, som hadde ei positiv handning til vitskaplege studiar. I 1841 vart han lærar ved Collegio San Michele i Volterra. Det heiter at det var då han i samband med undervisninga forklarte korleis ei blanding av luft og hydrogen dannar ein eksplosiv gass (knallgass) at han fyrst kom til å tenkja på at ein slik gass kunne nyttast for å driva ein motor.
Noko seinare møtte han Felice Matteucci, som arbeidde med hydraulikk og forklarte han om hugskotet sitt. Dei to ingeniørane tok til å utvikla ein motor med intern forbrenning og dette samarbeidet heldt fram heilt til Barsanti døydde i 1864. For soga om dette samarbeidet sjå artikkelen Barsanti og Matteucci.
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Every time you click a link to Wikipedia, Wiktionary or Wikiquote in your browser's search results, it will show the modern Wikiwand interface.
Wikiwand extension is a five stars, simple, with minimum permission required to keep your browsing private, safe and transparent.