From Wikipedia, the free encyclopedia
Stanley Wayne «Jay» DeMarcus jr. (fødd 26. april 1971) er ein USA-amerikansk bassgitarist, harmonivokalist, pianist, plateprodusent og låtskrivar,[1] mest kjend som medlem i countrygruppa Rascal Flatts.
Jay DeMarcus | |||
DeMarcus då han fekk ei stjerne på Hollywood Walk of Fame i september 2012 | |||
Fødd | 26. april 1971 (53 år) | ||
---|---|---|---|
Fødestad | Columbus i Ohio i USA | ||
Fødenamn | Stanley Wayne DeMarcus jr. | ||
Opphav | USA | ||
Aktiv | 1992 til i dag | ||
Sjanger | Country, kristen musikk | ||
Instrument | bassgitar, klaverinstrument, gitar, piano, mandolin, bouzouki, trommer, vokal | ||
Tilknytte artistar | East to West, Rascal Flatts | ||
Plateselskap | Lyric Street, Big Machine | ||
Verka som | Musikar, låtskrivar, produsent | ||
Gift med | Allison Alderson |
DeMarcus var fødd i Columbus i Ohio, der han gjekk på Tree of Life Christian School. Seinare gjekk han på Lee College i Cleveland i Tennessee frå 1990 til 1992. På den tida reiste han og spelte klaverinstrument med den kristne musikkgruppa New Harvest, leia av Danny Murray.
DeMarcus var med å starte opp den kristne musikkgruppa East to West og flytta til Nashville i 1993. I 1997, etter at East to West vart oppløyst, tok han kontakt med tremenning sin, Gary LeVox,[2] som han spelte med då dei var yngre, og fekk han til å kome til Nashville for å synge harmonivokal på Michael English-albumet Gospel, som han produserte på den tida. Dei spelte inn albumet for English i lag og akkompagnerte han på albumet.[3]
I tillegg produserte han album for James Otto, Jo Dee Messina, Austins Bridge og andre. I 2006 produserte han Chicago-lbumet Chicago XXX.
I 2010 var DeMarcus og bandkollegaene hans gjestestjerner på CSI: Crime Scene Investigation, der dei spelte seg sjølv.
År | Album | Artist | Rolle |
---|---|---|---|
1998 | Gospel | Michael English | Produsent, lydteknikar, bass, akustisk gitar |
2003 | Some Things Never Change | Mark Lowry | Klaverinstrument |
2006 | She Was Country When Country Wasn't Cool: Tribute to Barbara Mandrell | Forskjellige artistar | Bass |
2006 | Ten | Brian McKnight | Bass, piano |
2006 | Whatever We Wanna | LeAnn Rimes | Bass |
2006 | Chicago XXX | Chicago | Produsent, arrangør, lydteknikar, gitar, klaverinstrument, vokal |
2008 | Sunset Man | James Otto | Produsent, bass |
2008 | The Prodigal Comes Home | Michael English | arrangør, vokalprodusent |
2010 | Unmistakable: Love | Jo Dee Messina | Produsent |
2010 | Times Like These | Austins Bridge | Produsent |
2011 | New Day | The Martins | Produsent, vokalarrangement, gitar, klaverinstrument |
2012 | New to This Town | Kix Brooks | Produsent |
2012 | Tuskegee | Lionel Richie | Bass |
2012 | iCarly: iSoundtrack II [Original TV Soundtrack] | Forskjellige artistar | Produsent |
2012 | Brighter One | Marshall Hall | Produsent, elektrisk gitar |
2013 | Alabama & Friends | Alabama | Produsent, bass |
2013 | Love Is Stronger | Jason Crabb | Produsent, bass |
2013 | Some People Change | Michael English | Produsent, lydteknikar, bass |
2013 | Surrender | Adam Crabb | Bass |
2014 | Nashville Outlaws: A Tribute to Mötley Crüe | Forskjellige artistar | Produsent, bass, piano |
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Every time you click a link to Wikipedia, Wiktionary or Wikiquote in your browser's search results, it will show the modern Wikiwand interface.
Wikiwand extension is a five stars, simple, with minimum permission required to keep your browsing private, safe and transparent.