norsk politikar From Wikipedia, the free encyclopedia
Jan Christian Vestre (fødd 9. oktober 1986) er ein norsk jurist og politikar for Arbeidarpartiet frå Haugesund. Han har vore helse- og omsorgsminister i Støre-regjeringa sidan 19. april 2024,[1] før det var han næringsminister i same regjering frå og med 14. oktober 2021. Før han gjekk inn i regjering var han dagleg leiar i den norske møbelprodusenten Vestre AS.[2][3]
Jan Christian Vestre | |||
| |||
Fødd | 9. oktober 1986 (37 år) Haugesund kommune | ||
---|---|---|---|
Statsborgar av | Noreg | ||
Parti | Arbeidarpartiet | ||
Yrke | politikar, bedriftsleiar | ||
Utdanna ved | Det juridiske fakultetet ved Universitetet i Oslo | ||
Medlem | Ungdom mot EU | ||
Alle verv |
Vestre har enkeltemne i statsvitskap og master i rettsvitskap frå Universitetet i Oslo.[4] I 2019 vart han utnemnd til beste norske vekstskapar i den internasjonale konkurransen «EY Entrepreneur Of The Year», og i 2020 vart han kåra til årets berekraftsleiar av E24.[5][6]
Vestre overlevde skytinga på Utøya.[7] Mellom 2013–2017 var han styreleiar for gjenreisninga av Utøya etter terroråtaka i Noreg 2011. Han var politisk rådgjevar for nærings- og handelsminister Trond Giske i regjeringa Stoltenberg II,[8] politisk rådgjevar i Arbeidarpartiet si stortingsgruppe frå 2010 til 2012, sentralstyremedlem i AUF frå 2010 til 2012, leiar av Utdanningspolitisk forum i Oslo Arbeidarparti frå 2008 til 2015, leiar av Elevorganisasjonen frå 2006 til 2007 og medlem av det regjeringsoppnemnde utvalet for fag- og yrkesopplæring frå 2007 til 2008.[3][9]
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Every time you click a link to Wikipedia, Wiktionary or Wikiquote in your browser's search results, it will show the modern Wikiwand interface.
Wikiwand extension is a five stars, simple, with minimum permission required to keep your browsing private, safe and transparent.