From Wikipedia, the free encyclopedia
James Joseph Brown jr. (3. mai 1933–25. desember 2006)[1] var ein amerikansk artist som er rekna som ein av dei mest som har hatt mest å seie innan musikken på nittenhundretalet. Brown var kjend som både songar, låtskrivar, bandleiar og musikkprodusent, og han var ein markant figur i utviklinga av gospel- og blues til soul og funk. Spora etter han finst og i rock, jazz, reggae, disco, dance, elektronisk musikk og hip-hop.
James Brown | |||
| |||
Fødd | 3. mai 1933 | ||
---|---|---|---|
Fødestad | Barnwell, Augusta i Georgia | ||
Død | 25. desember 2006 (73 år) | ||
Dødsstad | Atlanta | ||
Fødenamn | James Joseph Brown | ||
Opphav | USA | ||
Aktiv | 1954–2006 | ||
Sjanger | soul, funk, doo-wop, blues, gospel | ||
Instrument | gitar, orgel, vokal, trommesett | ||
Stemmetype | baryton | ||
Plateselskap | Federal, King Records, Polydor Records, Philips Records | ||
Verka som | songar-låtskrivar, songar, komponist, dansar, musikkprodusent, politikar, pianist, gitarist, produsent, lyddesignar | ||
Gift med | Tomi Rae Hynie, Velma Warren, Deidre Jenkins, Adrienne Rodriguez | ||
Prisar | Grammy Lifetime Achievement Award, Kennedy Center Honors, stjerne på Hollywood Walk of Fame, MOJO Awards, Rock and Roll Hall of Fame |
Brown byrja den musikalske karrieren sin i 1953, og vart verdsberømt mot slutten av 1950-talet og byrjinga av 1960-talet på grunn av konsertarne sine og ei rekkje slagerar. Trass i ei rekkje personlege problem og tilbakeslag, heldt han fram med å produsere slagerar kvart tiår til og med 1980-talet. Brown var òg aktiv innan den amerikanske politikken på 1960- og 1970-talet, særskilt til støtte for for afroamerikanarar og fattige, og for Richard Nixon.
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Every time you click a link to Wikipedia, Wiktionary or Wikiquote in your browser's search results, it will show the modern Wikiwand interface.
Wikiwand extension is a five stars, simple, with minimum permission required to keep your browsing private, safe and transparent.