![cover image](https://wikiwandv2-19431.kxcdn.com/_next/image?url=https://upload.wikimedia.org/wikipedia/commons/thumb/2/24/Irkut_river_from_train.jpg/640px-Irkut_river_from_train.jpg&w=640&q=50)
Irkut
From Wikipedia, the free encyclopedia
Irkut (russisk Иркут; mongolsk Эрхүү гол) er ei elv i Russland og ei av sideelvane til Angara frå venstre. Ho renn gjennom Tunkinskojdalen i Burjatia og Irkutsk oblast.
Kjappe fakta Land, Nedslagsfelt ...
Irkut | |||
elv | |||
Irkut sett frå den transsibirske jarnvegen | |||
Land | ![]() | ||
---|---|---|---|
Nedslagsfelt | 15 780 km² | ||
Lengd | 488 km | ||
Middelvassføring | 140 m³/s | ||
Kjelde | Iltsjirsjøen | ||
• høgd | 1 875 moh. | ||
Munning | Angara | ||
![]() Irkut 51.817369444444°N 103.33971944444°E / 51.817369444444; 103.33971944444 | |||
Wikimedia Commons: Irkut River | |||
Lukk
Svarte Irkut spring ut frå fjellet Nusku-Daban i ei høgd på 1875 meter over havet. Kvite Irkut renn ut frå Iltsjirsjøen og etter at dei to elvane renn saman dannar dei Irkut. Elva renn gjennom Sajanfjella og snur etter dette austover og inn i Tunkinskojdalen, der ho dannar eit stryk. Irkut munnar ut i Angara ved Irkutsk. Frå kjelda til Svarte Irkut til munningen er Irkut 488 km lang.
Elva frys til seint i oktober og er islagd til slutten av april eller tidleg mai. Irkut har eit nedslagsfelt på 15 780 km² og ved munningen er middelvassføringa 140 m³/s.