Inuktitut
From Wikipedia, the free encyclopedia
Inuktitut (ᐃᓄᒃᑎᑐᑦ, bokstaveleg 'som inuittane') er eit språk eller ei samling dialekter som høyrer til den eskimoisk-aleutiske språkgruppa som blir snakka nord for tregrensa i Canada: Newfoundland og Labrador (NFL), Quebec og i noko grad i nordaustre Manitoba og i territoria Nunavut, Northwest Territories (NWT) og av tradisjon på Yukonkysten mot Nordishavet. I følgje kanadisk statistikk finst det rundt 30 000 talarar av inuktitut, der om lag 200 bur heilt eller tidvis utanfor dei tradisjonelle inuittiske områda.
Inuktitut ᐃᓄᒃᑎᑐᑦ, Inuktitut, Inuttitut, Inuktitun, Inuinnaqtun, Inuttut m.fl. | ||
Klassifisering | eskimoisk-aleutisk inuit Inuktitut | |
Bruk | ||
Tala i | Canada (Nunavut, Nunavik, Northwest Territories, Nunatsiavut) | |
Område | Nordre Nord-Amerika | |
Inuktituttalande i alt | 30 000 | |
Skriftsystem | Det kanadiske stavingsalfabetet | |
Offisiell status | ||
Offisielt språk i | Nunavut, Northwest Territories | |
Normert av | Inuit Tapiriit Kanatami og andre lokale institusjonar | |
Språkkodar | ||
ISO 639-1 | iu | |
ISO 639-2 | iku | |
ISO 639-3 | iku | |
Glottolog | east2534 | |
Inuktitut har status som offisielt språk i Nunavut og NWT. Det har også rettsleg status i Nunavik, i Quebec, mykje takka vere James Bay and Northern Quebec Agreement og blir anerkjent i staden for det franske språket som det offisielle undervisningsspråket i dei inuittiske skoledistrikta i Nunavik. Etter at den føderale kanadiske regjeringa og provinsen NFL anerkjende språket, har inuktitut òg hatt ein avgrensa offisiell status i Labrador.