From Wikipedia, the free encyclopedia
Internasjonal Kvinneliga for Fred og Fridom (IKFF), Women’s International League for Peace and Freedom (WILPF), er ein freds- og menneskerettsorganisasjon som vart skipa på eit internasjonalt kvinnemøte i Haag i 1915 med det føremålet å få stogga den fyrste verdskrigen og arbeide for ein rettferdig fred bygd på demokratiske prinsipp. Jane Addams og Emily Greene Balch gjorde ein framifrå innsats i ligaen, og båe fekk Nobels fredspris for sitt arbeid for fred. Fleire norske kvinner har hatt sentrale verv og oppgåver i Women’s International League for Peace and Freedom, til dømes Johanne Lucie Reutz Gjermoe og Marie Lous Mohr.
Internasjonal Kvinneliga for Fred og Fridom | |||
| |||
Skipa | 28. april 1915 | ||
---|---|---|---|
Hovudkontor | Genève | ||
Leiar | Joie Ada Onyesoh | ||
Nettstad | https://www.wilpf.org |
Internasjonal Kvinneliga for Fred og Fridom held til i Genève i Sveits. Organisasjonen støtter arbeidet som Dei sameinte nasjonane (SN) gjer, og har konsultativ status ved det økonomiske og sosiale råd i Dei sameinte nasjonane, UNESCO, FAO og ILO.
Internasjonal Kvinneliga for Fred og Fridom har underavdelingar i fleire land. I Noreg vart det skipa ei nasjonal gruppe i 1915, Norsk seksjon av Internasjonal Kvinneliga for Fred og Frihet (IKFF), som har som føremål å samle norske kvinner med ulike politiske og ideologiske meiningar i arbeidet med å opplyse om og skaffe av vegen dei politiske, økonomiske og psykologiske tilhøva som kan vere årsaka til krig, og arbeide for ein konstruktiv fred i eit økologisk berekraftig samfunn. Hovudmåla er såleis å hindre krig, å få erstatta vald med ikkjevald i alle konfliktar, å få styrkt organa til Dei sameinte nasjonane (SN), å skape auka respekt for folkerettslege institusjonar, å komme fram til ein internasjonal økonomisk orden basert på kva alle folk treng, ikkje ein orden basert på profitt og privilegium.
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Every time you click a link to Wikipedia, Wiktionary or Wikiquote in your browser's search results, it will show the modern Wikiwand interface.
Wikiwand extension is a five stars, simple, with minimum permission required to keep your browsing private, safe and transparent.