Innsjøar i Skottland
Wikimedia-listeartikkel / From Wikipedia, the free encyclopedia
Dette er ei liste over innsjøar i Skottland. Berre dei mest kjende innsjøane er førte opp. Det er estimert at det finst minst 31 460 ferskvatn i Skottland og meir enn 7500 av desse er på Hebridane.[1] Loch er eit skotsk-gælisk ord for innsjø eller fjord.
Innsjøen Lake of Menteith er den einaste naturlege innsjøen i Skottland med «lake» i namnet. Det finst derimot fleire menneskeskapte «lakes», i tillegg til fleire innsjøar kalla «Water».