Innherad (bm. Innherred) er eit område i Nord-Trøndelag fylke. Uttaleforma Innherad i dag er litterær, namnet tyder opphavleg «dei indre herada». Preposisjonen er på Innherad.
Området har ikkje nokon eigen administrasjon, men interkommunalt samarbeid finst og er under utvikling. Innherad har til saman 68 294 innbyggjarar (1. juli 2007) og 4 895 km², dersom ein legg til grunn at det er desse åtte kommunane som utgjer Innherad: Frosta, Levanger, Verdal, Inderøy, Steinkjer, Verran, Mosvik og Leksvik. Distriktet grensar til Stjørdalen, Fosen og Namdalen og i Sverige til Jämtland . Dei 3 byane i distriktet er Steinkjer, Levanger og Verdalsøra.
I kyrkjeleg samanheng vert distriktet delt inn i Sør-Innherad prosti for kommunane Levanger og Verdal, og Nord-Innherad prosti for kommunane Inderøy, Mosvik, Verran, Namdalseid (!), Steinkjer og Snåsa. Begge desse er underlagt Nidaros bispedømme i Den norske kyrkja. Judisielt høyrer Levanger og Verdal inn under Stjør- og Verdal tingrett, medan dei resterande kommunane utgjer domsrettsområdet til Inderøy tingrett, begge underlagt Frostating lagdømme.
Bakgrunnsstoff
Wikiwand in your browser!
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Every time you click a link to Wikipedia, Wiktionary or Wikiquote in your browser's search results, it will show the modern Wikiwand interface.
Wikiwand extension is a five stars, simple, with minimum permission required to keep your browsing private, safe and transparent.