Inka
From Wikipedia, the free encyclopedia
Inka (quechua for 'individ'), eller sapa inka, er ein tittel på herskaren av kongeriket Cuzco (ca. 1200–1438), seinare inkariket, Tawantinsuyu (1438–1533).
Sjølv om inkatittelen gjekk i arv, i første ledd frå solguden og skaparen Inti til Manco Capac, var alle inkaene rekna som søner av sola i ein slags sakral rolle.
Omgrepet «inka» tyder òg herskar, konge eller keisar. I ei snever meining er det berre herskarane som kan kallast inkaer. Men i ei vidare tyding nyttar vi omgrepet om heile ætta åt inkaene og alle menneske som tok del i skipinga av Tawantinsuyu, ein elite. Ein snakkar ikkje om eit «inkafolk» som ei gruppe av alle menneske i riket. Tvert om var folket i Tawantinsuyu frå eit utal etniske grupper, kan hende med hundrevis av ulike språk.