norsk jurist, offiser, embetsmann og politikar From Wikipedia, the free encyclopedia
Ingolf Elster Christensen (fødd 28. mars 1872 i Førde i Sunnfjord, død 3. mai 1943 i Førde) var ein norsk jurist, offiser, embetsmann og politikar for Høyre. Christensen var amtmann og fylkesmann i til saman 33 år, og hadde også verv som stortingsrepresentant og statsråd i 1920-åra. Han var justisminister og forsvarsminister. Politisk var han særleg oppteken av forsvar,[1] landbruk[1] og samferdsle.[2] Sommaren 1940 spelte han ei viktig rolle som formann i Administrasjonsrådet og deltakar i riksrådsforhandlingane.[1]
Ingolf Elster Christensen | |||
| |||
Fødd | 28. mars 1872 Førde | ||
---|---|---|---|
Død | 3. mai 1943 (71 år) | ||
Statsborgar av | Noreg | ||
Parti | Høgre | ||
Yrke | politikar, jurist, militær | ||
Utdanna ved | Bergen Katedralskole | ||
Verv | Fylkesmann i Sogn og Fjordane 1930-1941 | ||
Føregangar | John Utheim | ||
Alle verv |
|
3. november 1910 vart Christensen amtmann (seinare fylkesmann) i Nordre Bergenhus (Sogn og Fjordane). Han var pådrivar i viktige saker som samordning og offentleg drift av rutebilar, utbygging av jernbane og vegnett, samt kraftutbygging for allmenn bruk.[1] Christensen vert rekna som den fremste forkjemparen for Flåmsbana, og har difor fått sitt minnesmerke reist på Flåm stasjon.[3]
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Every time you click a link to Wikipedia, Wiktionary or Wikiquote in your browser's search results, it will show the modern Wikiwand interface.
Wikiwand extension is a five stars, simple, with minimum permission required to keep your browsing private, safe and transparent.