Inger Jacobsen
norsk songar og skodespelar From Wikipedia, the free encyclopedia
norsk songar og skodespelar From Wikipedia, the free encyclopedia
Inger Johanne Jacobsen (13. oktober 1923–21. juli 1996) var ein norsk songar og skodespelar.
Inger Jacobsen | |||
| |||
Fødd | 13. oktober 1923 | ||
---|---|---|---|
Fødestad | Christiania | ||
Død | 21. juli 1996 (72 år) | ||
Dødsstad | Oslo | ||
Fødenamn | Inger Johanne Jacobsen | ||
Opphav | Noreg | ||
Aktiv | 1941–1994 | ||
Sjanger | pop | ||
Instrument | vokal | ||
Verka som | skodespelar, songar, plateartist, jazzmusikar | ||
Gift med | Jackie Hein Bülow Jantzen | ||
Prisar | Leif Justers ærespris, Kongens fortenestmedalje i gull |
Jacobsen gifta seg i 1950 med buktalaren Jackie Hein Bülow Jantzen (fødd 8. januar 1923 i Odense, død 1. oktober 1959 i Lørenskog), som brukte scenenamnet Jackie Bülow. Dei var begge engasjerte av Jens Book Jensen på fleire av hans oppsetjingar på Chat Noir og turnéar i Noreg og utlandet i 1950-åra.[1][2]
Jacobsen gav ut si fyrste plate allereie i 1941. Det var «Du er alltid i mine tanker»/«To små hjerter» med Kristian Haugers Danseorkester på Telefunken. Dei var henta frå filmen Den forsvundne pølsemaker. Etter krigen vart ho ein svært populær songar. Ho var på plateselskapa Musica (1946–1953) og Columbia (1954–1970), og var lett gjenkjenneleg med den mjuke, djupe altrøysta si. Som skodespelar og artist opptredde ho i revyar, tv, radio og teater heilt fram til 1990-åra, frå 1976 som tilsett ved Riksteatret.
Inger Jacobsen deltok i den norske Melodi Grand Prix-finalen fire gongar, og vann finalen i 1962 med songen «Kom sol, kom regn». Hennar største slagar, singelen «Frøken Johansen og jeg» frå 1959, selde i over 50 000 eksemplar.[4] Innspelinga var meint som ein parodi på datidas mange skillingsvise-liknande slagarar og måten dei vart sungne på.
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Every time you click a link to Wikipedia, Wiktionary or Wikiquote in your browser's search results, it will show the modern Wikiwand interface.
Wikiwand extension is a five stars, simple, with minimum permission required to keep your browsing private, safe and transparent.